Toving
Toving eller tøving er omarbeiding av ull der ein filtrar fibra mot kvarandre til eit tett stoff. Det er mogleg å tova ull på fleire måtar. Ved bruk av vatn og såpe kan ein gni og forma ulla til ting som sitteunderlag, tøfler og liknande. Ferdige strikke- eller hekleting kan tovast i vaskemaskin. Ved hjelp av ei spesiell nål er det òg mogleg å laga småting av ull utan bruk av såpe og vatn. Denne teknikken vert kalla nålefilting eller nåletoving.
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Meir om toving Arkivert 2006-05-17 ved Wayback Machine.