Trøftskogen kapell
kapell i Nord-Odal i Innlandet
Trøftskogen kapell er ei tømra langkyrkje frå 1931 på Trauten i Nord-Odal. Sjølv om ein i dag som oftast skriv stadnamnet Trautskogen, vert den gamle skrivemåten Trøftskogen ofte nytta for kapellet.
Trøftskogen kapell | |||
kapell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Nord-Odal | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Solør, Vinger og Odal | ||
Sokn | Sand | ||
Fellesråd | Nord-Odal | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Statens bygningsinspektør (Statsbygg) | ||
Teknikk | Tømra | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 11. oktober 1931 | ||
Takryttar | I vest | ||
Klokker | 1, O. Olsen & Søn, 1936 | ||
Kyrkjegard | Ved kapellet | ||
Altartavle | Finn Olsen, 1960 (Jesus i Getsemane) | ||
Orgel | Allen (digitalt) | ||
Sitjeplassar | 80 | ||
Trautskogen kapell 60°30′07″N 11°22′58″E / 60.50194444°N 11.38277778°E | |||
Wikimedia Commons: Trøftskogen kapell |
Trautskogen fekk hjelpekyrkjegard før kapellet vart bygd. Frå 1862 til 1878 var det gravplass ved Hagajordet, og frå 1878 til 1932 ved Gammeldalsrud. Kyrkjegarden ved kapellet vart teken i bruk i 1932, året etter at kapellet vart innvigd.
Litteratur
endre- Fredheim, Hans Ludvig; Nordhagen, Ivar (2011). Av Guds nåde til Guds ære: noen små og store begivenheter i historia til Trøftskogen kapell, 1931-2011. Nord-Odal: Nipro.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 632. ISBN 82-75-27022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- «Trøftskogen kapell». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Trøftskogen kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.