Kjetil
mannsnamn
(Omdirigert frå Kittel)
Kjetil, òg skrive Ketil eller, sjeldnare, Kjetel eir eit mannsnamn, frå norrønt Ketell eller Ketill. Namnet tydar «kjele», truleg i tydinga «offerkjel». Truleg er namnet ei avstutting av former som Torketill og Arnketill, og er i slekt med Kjell. Andre moderne former av namnet er Kittil og Kittel.
Kjetil har namnedag 11. juli.
Namneformer og frekvens
endreNamneform | Brukarar¹ |
---|---|
Kjetil | 10 452 |
Ketil | 2 619 |
Kittil | 98 |
Kjetel | 17 |
Kittel | 13 |
¹ (Nordmenn som har namnet som første eller einaste føremnamn. Kjelde: SSB) |
Kjetil var vanleg i mellomalderen, spesielt i Buskerud, Telemark og Agderfylka. Var svært populært i etterkrigstida og fram til 1990-åra.
Kjente namneberarar
endre- Kjetil Jamte
- Ketil Motzfeldt (1814-1889), norsk stortingsmann og statsråd
- Kjetil Løndal (1907-1987), norsk spelemann
- Ketil Gjessing (f. 1934), norsk lyrikar
- Ketil Hvoslef (f. 1939), norsk komponist
- Ketil Lund (f. 1939), norsk høgsterettsdommar
- Kjetil Hasund (f. 1942), norsk fotballspelar
- Ketil Bjørnstad (f. 1952); norsk pianist
- Kjetil Bjerkestrand (f. 1955), norsk komponist
- Ketil Stokkan (f. 1956), norsk Eurovision-deltakar
- Kjetil Rekdal (f. 1968), norsk fotballspelar og -trenar.
- Kjetil Rolness (f. 1961), norsk artist
- Kjetil Siem (f. 1960), norsk forretningsmann
- Kjetil André Aamodt (f. 1971), norsk alpinist
- Ketil Solvik-Olsen (f. 1972), norsk politikar
- Kjetil Wæhler (f. 1976), norsk fotballspelar
- Kjetil Jansrud (f. 1986), norsk alpinist
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Kjetil hjå Statistisk Sentralbyrå