Busserull er ei lett trøye som frå 1800-talet er blitt brukt som tradisjonelt arbeids- og kvardagsplagg, særleg av menn. Busserullen har form av ein kittel med firkanta bak- og framstykke og ganske vide erme. Plagget har vanlegvis knappar eller snøring frå halslinninga og eit stykke ned på brystet og vert trekt på over hovudet.

Norsk busserull i stripa stoff med frontopning med knappar. Saman med mjuk skyggehuve og fargerikt halstørkle var dette typisk arbeidsplagg på 1800- og 1900-talet.

Historikk endre

 
Anleggsarbeidarar kledde for utandørs kroppsarbeid i Kirkenes i 1907. Mennene er blant anna kledde i busserulliknande kitlar og varme pelshuver.
 
Shanty-kor frå Åland iført busserullar demonstrerer bruken av arbeidssongar ombord i barken «Sigyn» 2011.

Ordsoge endre

Plagget har lånt namn av det italienske og lågtyske busserun («sjømannskjorte») og franske bourgeron («arbeidsbluse»). Dansk og nedertysk har forma *busseronne , svensk bussarong. Første stavinga kjem truleg av latin burra, eit grovt (brunt) ullstoff.

Utforming og nytte endre

 
Gruvearbeidarar ved Dragset Verk i Meldal i Sør-Trøndelag fotografert 1905. Arbeidskleda består av kitlar, grove skjorter med vest eller jakke utanpå. Hovudplagga er filthattar, skyggehuver og sikspensar.

Ein busserull ser ut som ei skjorte, men vert brukt som eit grovare overplagg utanpå denne. Snittet, primærsnitt med splitt i halsen og ståande halskrage, går tilbake til mellomalderen. Den noko tjukkare, kyper-vovne varianten vi kjenner som busserull, vart vanleg blant bønder, skogarbeidarar og bygningsarbeidarar på byrjinga av 1800-talet. Stoffet er ull eller bomull, og plagget kan vere einsfarga, stripete eller rutete.

Busserullen var tradisjonelt eit arbeids- og kvardagsplagg. Tradisjonelt har plagget vore brukt av menn.

Busserullen har vore i bruk i fleire europeiske land, og under dei franske revolusjonane i 1830 og 1848 vart busserullane brukt som eit politisk symbol på solidariteten mellom bønder og arbeidarar.

Tradisjonell matrosdress består av bussrull (sjømannsskjorte eller arbeidskittel) og vide langbukser.

I Noreg endre

 
Illustratøren Gunnar Bratlie ved teiknepulten 1982 iført busserull utanpå tynn, høghalsa genser.

På andre halvdel av 1800-talet vart dei norske busserullane konfeksjonssydde, og nye fargar, stoff og detaljar oppstod. Den blåstripete varianten vart spesielt populær på flatbygdeneAustlandet. Dette hadde samanheng med etableringa av Hoffsbros tekstilfabrikkHadeland i 1923 . I starten produserte dei ullstoff til bukser og bomullsstoff til skjorter. Men i 1928 laga dei eit nytt stoffmønster: Blå botnfarge med to svara, fire kvite, to svarte og fire blå trådar. Stoffet vart ein suksess, og overtok for det meste av dei heimevovne tekstila i området. I 1955 starta fabrikken med ferdigsydde busserullar. Kvinner som budde i nærleiken sydde plagga av stoff frå fabrikken, og fabrikken selde dei vidare til ulike forretningar. Desse busserullane vart sydde i ein kjend konfeksjonsindustri-snitt, med nedover-brett krage, glidelås frå halsen til brystet og med eit elastisk band i ryggen. Denne typen vart kalla «hadelandsbusserull». Hoffsbro produserte busserullstoff fram til 1988, då Grinakervev overtok hadelands-mønstret. Grinakervev er dei einaste som produserer busserullar på Hadeland i dag.

På 1960-talet fekk busserullen ein renessanse, også blant akademikarar som gjennom slik kledrakt kunne identifisere seg med vanlege arbeidsfolk.

Liknande plagg endre

 
Tradisjonell fiskarskjorte frå Hamburg i Finkenwerder-stil.

Ulike typar korte eller lange kitlar, skjorter og trøyer i grovare tekstil har vore brukt som arbeidstøy og overtøy både for barn og vaksne. Biletgalleriet viser nokre historiske variantar som kan likna på busserullar. Andre vernande arbeidsklede er til dømes forkledaer og kjeledresser.

Sjå òg endre

Kjelder endre