Tranefamilien
Tranefamilien | |
![]() Jomfrutrane, Anthropoides virgo Foto: Sumeet Moghe
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Tranefuglar Gruiformes |
Familie: | Tranefamilien Gruidae Vigors, 1825 |
Tranefamilien (Gruidae) er ein biologisk familie av store, langbeinte fuglar med langstrekt hals i ordenen tranefuglar, Gruiformes. Familien har 15 artar i fire slekter, ein av desse 15 artane er arten trane, den eurasiske tranearten som òg finst i Noreg i hekketida. I det følgjande er omgrepet traner brukt om familien, ikkje om arten. Traner skil seg frå hegrar ved at traner flyg med halsen utstrekt, ikkje trekt tilbake som hegrar gjer. Det er ikkje nært slektskap mellom traner og hegrar.
Traner lever på alle kontinent unntatt Antarktis og Sør-Amerika.
Dei fleste traneartane er klassifisert som truga, eller kritisk truga, innanfor utbreiingsområdet sitt. Tidleg lovverk i USA for å verne truga artar var inspirert av situasjonen for trompetartraner i Nord-Amerika.
Dietten er sett saman av ei rekkje element av passande storleik, medrekna smågnagarar, fisk, amfibium og mindre ingrediensar som insekt, korn, bær og planter.
Traner byggjer plattformreir på grunt vatn, og vanlegvis legg dei to egg i kullet. Begge foreldra hjelper til med omsut for ungane, og ungane held seg saman med foreldra fram til neste hekkesesong.
Nokre artar og bestandar av artar gjer fugletrekk over lange avstandar; andre migrerer ikkje i det heile. Gjennom hekkesesongen lever traner parvise, elles er dei sosiale, og dannar store flokkar.
ArtslisteEndra
Tranefamilien i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Slekt Balearica
- Gråkrontrane, Balearica regulorum, Gray Crowned-Crane, EN, Bennett, 1834
- Svartkrontrane, Balearica pavonina, Black Crowned-Crane, VU, Linné, 1758
Slekt Anthropoides
- Jomfrutrane, Anthropoides virgo, Demoiselle Crane, LC, Linné, 1758
- Blåtrane, Anthropoides paradiseus, Blue Crane, VU, Lichtenstein, 1793
Slekt Bugeranus
- Vortetrane, Bugeranus carunculatus, Wattled Crane, VU, Gmelin, 1789
Slekt Grus
- Snøtrane, Grus leucogeranus, Siberian Crane, CR, Pallas, 1773
- Kanadatrane, Grus canadensis, Sandhill Crane, LC, Linné, 1758
- Sarustrane, Grus antigone, Sarus Crane, VU, Linné, 1758
- Brolgatrane, Grus rubicunda, Brolga, LC, Perry, 1810
- Kvitnakketrane, Grus vipio, White-naped Crane, VU, Pallas, 1811
- Trane, Grus grus, Common Crane, LC, Linné, 1758
- Kvithovudtrane, Grus monacha, Hooded Crane, VU, Temminck, 1835
- Trompetertrane, Grus americana, Whooping Crane, EN, Linné, 1758
- Svarthalstrane, Grus nigricollis, Black-necked Crane, VU, Przevalski, 1876
- Japantrane, Grus japonensis, Red-crowned Crane, EN, Müller, 1776
KjelderEndra
- Innleiinga av denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Crane (bird) frå Engelsk Wikipedia den 8. desember 2014. Hovudkjelda for artikkelen var:
- Archibald, George; Meine, Curt (1996). «Family Gruidae (Cranes)». I del Hoyo, J.; Elliot, A. & Sargatal J. Hoatzin to Auks. Handbook of the Birds of the World. Band 3. Barcelona: Lynx edicions. s. 60–81. ISBN 84-87334-20-2.
ReferansarEndra
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)