Semantisk rolle er i språkvitskap ei beskriving av den semantiske strukturen til ein deltakar i ei handling eller ein situasjon som blir beskriven av eit verb eller ein annan predikator. Til dømes beskriv verbet kaste ei handling med to deltakarar, einkvan som kastar og noko som blir kasta. Den første rolla, den som kastar, kan beskrivast som agens, medan det som blir kasta, kan beskrivast med rolla patiens. Semantiske roller blir definerte uavhengig av syntaktiske funksjonar som subjekt og objekt ettersom desse funksjonane kan ha fleire ulike semantiske roller.

I språk med morfologisk kasus så kan semantiske roller bli markerte med kasusendingar på substantiv medan andre språk vil heller markere semantiske roller gjennom ulike preposisjonar eller ordstilling. Norsk bruker typisk ordstilling og preposisjonar for å markere desse sematiske rollene, medan andre språk som til dømes islandsk, russisk og tysk typisk bruker kasus for å markere dei same semantiske rollene. Semantiske roller går tilbake til Jeffrey S. Grubers tematiske roller (thematic relations) og Charles J. Fillmores kasusroller. Det finst ikkje noko allment godteke sett av roller, og semantiske roller har ulik status i ulike grammatiske modellar. Semantiske roller blir òg kalla deltakarroller, tematiske roller, thetaroller eller kasusroller.

Nokre vanlege semantiske roller endre

  • Agens: den som medvite utfører ei handling (t.d. Ho sparka ballen)
  • Opplevar (experiencer): den som sansar noko eller opplever noko (t.d. Han såg bilen)
  • Patiens: den som blir påverka av handlinga (t.d. Hamaren knuste steinen)
  • Instrument: noko som blir brukt for å utføre handlinga (t.d. Han klipte snora med saks)
  • Mottakar (recipient): den som mottek noko eller kjem i eigarskap av noko (t.d. Ho sende dei ei gåve)
  • Benefaktiv: den som dreg nytte av handlinga (t.d. Han kjempa for kongen)

Referansar endre

  • Fillmore, Charles J. 1968. The case for case. I Emmon Bach & Robert T. Harms (red.), Universals in linguistic theory, 1-88. New York: Holt, Rinehart, and Winston.
  • Gruber, Jeffrey Steven. 1965. Studies in lexical relations. MIT, Cambridge, Mass.