Tre systrer
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tre systrer-metoden.
Tre systrer (Tri sestry) er eit skodspel i fire akter av Anton Tsjekhov. Det blei uroppført ved Moskva kunstnarteater i 1901.[1]
Три сестры | |||
| |||
Forfattar(ar) | Anton Tsjekhov | ||
---|---|---|---|
Språk | russisk | ||
Tilverting | 1900 | ||
Sjanger | drama | ||
Utgitt | 1901 | ||
Uroppføring | 31. januar 1901 |
Stykket handla om dei tre systrene Olga, Masja og Irina, som saman med broren sin Andrej lever i ein provinsby, men lengtar etter hovudstaden, Moskva, som dei kjem frå. Draumen om å koma bort står samtidig for eit knippe andre lengsler, om kjærleik, om det som var, og om å finna meining i livet. I mellomtida går livet sin gang gjennom dei tre åra dei fire aktene i stykket gjev innsyn i, med stadig skiftande alliansar, forelskingar og konfliktar. Stykket har ingen klar hovudperson og utviklinga av dei ulike konstellasjonane mellom personane avspeler seg som parallelle linjer. Denne strukturen pregar òg dialogane, som ofte verkar meir som monologar som går forbi kvarandre.[1]
Som fleire av teaterstykka til Tsjekhov tematiserer Tre systrer ei overgangstid. Personane verkar fanga i lengsler og draumar som rettar seg mot både fortid og framtid, men som gjer dei ute av stand til å ta reelle initiativ og leva aktivt i notida. Stykket har slik ei klar samfunnskritisk side, der kritikken fyrst og fremst rettar seg mot den handlingslamma intelligentsiaen.[1]
Regissøren Konstantin Stanislavskij prega forståinga av dramaa til Tsjekhov, mellom anna Tre systrer. Tsjekhov sjølv var ofte usamd i tolkinga til Stanislavskij, som la vekt på det melankolske og tidvis òg melodramatiske. Tsjekhov framheva det tragikomiske i stykka, og spenninga mellom det komiske og det tragiske går som ein raud tråd gjennom alle stykka hans.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Lunde, Ingunn (29. mars 2022). «Tre søstre». Store norske leksikon (på norsk bokmål).