Trikken i Oslo er eit kollektivt persontransportsystem i Oslo som aksjeselskapet Sporveien Trikken AS har ansvaret for. Sporveien Trikken AS, som tidlegare var organisert i selskapa Oslotrikken AS og Oslo Sporvognsdrift AS, er eigd av Oslo kommune som dotterselskap av aksjeselskapet Sporveien, som òg eig dotterselskapet Sporveien T-banen AS, som har ansvaret for T-banen i Oslo. Såleis er det aksjeselskapet Sporveien som står attom køyringa av all trikk og T-bane i Oslo og Akershus.

Trikk av type SL-79, med 71 sitjeplassar og om lag 92 ståplassar, ordinær førarplass berre i eine enden, slik at trikken treng ei sporsløyfe for å snu og køyre attende.
Trikk av type SL-95 med førarplass i båe endane, 212 sitje- og ståplassar.

Sporveien Trikken AS har sams administrasjon med Sporveien T-banen. Til liks med dei andre selskapa som driv kollektivtrafikk i Oslo og Akershus, opererer Sporveien Trikken AS under kontrakt med Ruter AS, som er det offentlege selskapet som står for administrasjonen av kollektivtrafikken i Oslo og Akershus.

Sporveien Trikken AS rår over 40 toledds-vogner av typen SL79 (SL tydar «Sporvogn Ledd»), produsert av Duewag i Düsseldorf i Tyskland og Strømmens Verksted på Strømmen i Skedsmo kommune, levert mellom 1982 og 1989, og 32 treledds-vogner, SL95, produsert av italienske Ansaldo, og levert frå 1995. Vognparken er ikkje eigd av Sporveien Trikken AS, men fullt og heilt av Oslo Vognselskap AS.

Trikken i Oslo trafikkerer seks liner, og av desse går ei line over Skøyen fram til Bekkestua i grannekommunen Bærum, der trikken nytter same line som T-banelina Kolsåsbanen på strekninga mellom Jar på kommunegrensa og Bekkestua.

Det vart gjort til saman 55 millionar einskildreiser med trikken i Oslo i 2015, ei monaleg auking dei siste ti åra, frå 30 millionar einskildreiser i 2005.

Dei seks trikkelinene i Oslo

endre

Kjelder

endre