Trillebår er ei lita handkjerre der tyngda av båra dels ligg på eit hjul i den eine enden av kjerra, dels på eit menneske som ved hjelp av to lyftestenger i den motsette enden av kjerra både held oppe denne enden og dreg eller skyv kjerra. Trillebåra fungerer i prinsippet som ei einarma vektstong med dreiepunktet i hjulet, slik at når trillebåra vert løfta opp og vippa framover, vert vekta av båra lagt meir på hjulet enn på den som køyrer trillebåra. To støttebein held trillebåra i høveleg stilling medan ho er sett ned for å fyllast.

Moderne trillebår med gummihjul og transportkasse av aluminium.
Målarstykket Reparasjon av jarnvegen frå 1874 av russaren Konstantin Apollonowitsch Sawizkij.
Ei trillebår er som ei einarma vektstong med dreiepunktet i hjulet. Når trillebåra vert løfta opp og vippa framover, vert meir av vekta av båra lagt på hjulet enn på den som køyrer trillebåra. Tømming skjer lettast ved å tippe trillebåra så langt framover av lasten renn ut framfor trillebåra.

Trillebåra kan vere laga heilt i tre, med jarnband på hjulet, eller av jarn eller anna materiale, i nyare utgåver med luftgummihjul, og kan vere utforma ulikt for ulike transportføremål, som til dømes for frakt av stein, jord, flytande betong som skal fyllast i forskaling, mjølkespann, ved, gjødsel, dyrefôr og anna.

I tidlegare tider var trillebåra ein av dei viktigaste reiskapane på veg- og jarnbaneanlegg, byggjeplassar, i landbruket og hagebruket. Men som fylgje av at maskinar og andre arbeidssparande innretningar har gjort sitt inntog på desse arbeidsområda, har trillebåra vorte etter måten sjeldsynt andre stadar enn i hagar kring bustadhus og der det går føre seg arkeologiske utgravingar.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Trillebår