Troilltampen
Troilltampen, òg Tråilltampen eller Trolltampen, var ein vise- og amatørfestival som vart skipa i 1973 etter initiativ frå Jack Berntsen og første gong arrangert på Ulvsvågskaret i Hamarøy. Festivalen vert rekna som ein av dei eldste musikk- og kulturfestivalane i Nord-Noreg.[1] Føremålet med arrangementet var at alle som ville skulla få opptre med musikken sin.
Jack Berntsen har uttalt at «Troilltampen kom igang i begeistringsrusen etter sigeren over ja-folket i folkeavstemminga om norsk telslutning tel EEC. Dessutan ha vi på kjensla at rundt om va det mange som song, utan at dei kunn kom saman nokon plass. Det vist sæ at det va behov for å sammel kreftan.»
Troilltampen vart siste gong arrangert i 2008 etter å ha slite økonomisk blant anna på grunn av dei høge utgiftene for vakthold frå politiet.[2]
Arrangement
endreTroilltampen vart arrangert årleg i perioden mellom 1977 og 1987 med unntak av i 1980 då festivalen vart stoppa av Nordland vegkontor på grunn av trafikale tilhøve. Deretter vart festivalen arranger i perioden mellom 1996 og 2008 med unntak av åra 1998, 2000 og 2007.
År | Stad | Nokre artistar |
---|---|---|
1973 | Ulvsvåg | Jack Berntsen og Visegruppa Lovisa |
1974 | Ulvsvåg | Marit Mathiesen og Elisabeth Skaar-Christensen |
1975 | Ulvsvåg | Nordnorsk Visegruppe |
1976 | Storjord | Knut Magne Myrland |
1977 | Storjord | Halvdan Sivertsen |
1978 | Storjord | Tysfjord Song & Sement, Herbjørg Wassmo og Dag Kajander |
1979 | Storjord | Visegruppa Medvind og Ragnar Olsen |
1981 | Storjord | Dr. Fish |
1982 | Gimsøya | Slakt |
1983 | Gimsøya | Mattis Hætta |
1984 | Gimsøya | |
1985 | Gimsøya | |
1986 | Kalle i Lofoten | |
1987 | Kalle i Lofoten | |
1996 | Storjord | |
1997 | Storjord | |
1999 | Storjord | |
2001 | Storjord | |
2002 | Ulvsvåg | Slakt |
2003 | Ulvsvåg | Propell |
2004 | Ulvsvåg | Guano Deadlines og rundt 100 andre artistar.[3] |
2005 | Ulvsvåg | Tungtvann[4] og rundt 30 andre artistar |
2006 | Ulvsvåg | |
2008 | Ulvsvåg[5] |
Kjelder
endre- NRK Nordland sitt fylkesleksikon: Troilltampen.
- Nordnorsk Magasin frå 1983. Troilltampen av Lars Hansen Juvik.
Referansar
endre- ↑ helenorge.no: annonse[daud lenkje].
- ↑ Harstad Tidende, artikkel 3. februar 2009: Den siste Troilltampen Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine..
- ↑ Avisa Nordland 4. juli 2004: Troilltampen skal bli mer intim.
- ↑ ABC Nyheter 22. juni 2005: Festivaltips[daud lenkje].
- ↑ Lokalavisa NordSalten 27. februar 2008: Troilltampen, så klart[daud lenkje].
- Denne artikkelen bygger på «Troilltampen» frå Wikipedia på bokmål, den 5. februar 2016.