Jack Berntsen
Joakim Jan Aril (Jack) Berntsen (14. oktober 1940–5. oktober 2010) var ein norsk filolog og visesongar, kjend for ei rekke utgjevingar og visebøker.
Jack Berntsen | |||
Fødd | 14. oktober 1940 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Kjøpsvik | ||
Død | 5. oktober 2010 (69 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, låtskrivar, lærar | ||
Prisar | Blixprisen, Nordland fylkes kulturpris, Prøysenprisen |
Bakgrunn
endreJack berntsen var fødd i Kjøpsvik i Tysfjord kommune og voks opp i Tverråsen i Skilvassbakk på Hamarøy. Ha var tidleg aktiv i dansebandmiljøet. Han vart utdanna cand.mag. i filologi ved Universitetet i Oslo (1963-68), og arbeidde seinare som adjunkt ved Svolvær vidaregåande skole.
Musikk
endreI 1968 etablerte Berntsen «Viseklubben Lovisa» i Svolvær, og i 1973 musikkfestivalen Troilltampen.
Berntsen vart kjend gjennom debutplata Kor e hammaren Edvard? (EP, 1974) med tekst frå Jahn-Arill Skogholt si opphavlege Bygdevise. Deretter kom Med hammar og høtt (1976), Det e håp i hænganes snøre (1978), Ongan i Lofoten (1981), I ly av Lofotveggen (1984), Lille Bolla Bølla og andre boller (1986), Badestrandsballade (EP, 1986), Bussjåfør (EP, 1986), Nordover (1990), The best of J.B.; med røde rose (1996) og Det gode liv (1999).
Berntsen gav ut visebøkene Det e lys lenger frem (Nordnorsk Forfatterlag, 1976), Sol bakom skyan (Oktober forlag, 1979/87), Ongan i Lofoten (Oktober forlag, 1981), Lille Bolla Bølla (S-forlaget, 1986) og Sanga i søkk og kav (Samlaget, 1995). Han bidrog også til teatermanuset Jacks eventyrverden for Hålogaland Teater (2003), er representert i fleire antologiar som Circum Polaris (1997), og Band tel ei bygd (2004). Han laga barneprogram for NRK TV (Da TV'n gikk i stykker 1985; Under Lofotveggen 1995), og låten «Vi sei NEI NEI NEI« i samband med EU-avrøystinga i 1994.
I 2007 blei Jack Berntsen tildelt statens stipend for eldre fortente kunstnarar som ei påskjønning for mangeårig og verdifull innsats.
Berntsen døydde i Svolvær i 2010.
Visegruppa Lovisa
endre- Jack Berntsen – vokalist, gitar
- Bjørghild Rønningen – vokalist
- Kai Larsen – bass, vokal
- Jan Danielsen – trekkspill
- Britt Olsen Talmo – vokalist
- Geir Fredriksen – vokal, gitar
- Hilde Hamnes – vokal, gitar
- Turid Ringstad – vokalist
Prisar
endre- Nordland fylkes kulturpris (1981)
- Blixprisen (1982)
- Prøysenprisen (1985).
- Vågan kommune oppretta Jack Berntsens kulturpris i 2000.
- Æresmedlem av Nordnorsk forfatterlag (2004)
Diskografi
endre- Med hammar og høtt (1976)
- Det e håp i hænganes snøre (1978)
- Ongan i Lofoten (1982)
- I ly av Lofotveggen (1984)
- Lille Bolla Bølla og andre boller (1986)
- Nordover (1990)
- Med røde roser – The Best of Jack Berntsen (1996)
- Vi veit ka vi har/Kor e hammaren, Edvard?(2003)
Litteratur
endre- Frank A. Jenssen, Prøysenprisen til Jack Berntsen, Nordnorsk Magasin, nr. 7/8, 1985.
- Sissel Henriksen, Lystens trubadur: Jack Berntsen er 50 år, Nordnorsk Magasin, nr. 6/7, 1990
- Sverre H. Eriksen, Nord-Norges trubadur i tekst og bilder (Kolofon, 2005).