Troy Kemp (fødd 18. mars 1966) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Nassau i Bahamas som vart verdsmeister i høgdehopp 1995 i Göteborg med eit hopp på 2,37 m.

Troy Kemp
Statsborgarskap Bahamas
Fødd 18. mars 1966 (58 år)
Nassau på Bahamas
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Kemp vart med eit hopp på 2,28 m andremann i dei panamerikanske leikane 1987 i Indianapolis, vinnaren Javier Sotomayor frå Cuba tok seg over 2,32 m. Fire år seinare auka Kemp til 2,32 då dei neste panamerikanske leikane fann stad i Habana, men også her hoppa Sotomayor høgre og med sine 2,35 m tok han sigeren framfor Kemp på andreplass. Tre veker etter, under VM 1991 i Tokyo, kom Kemp på delt femteplass med eit hopp på 2,34 m. I den neste verdsmeisterskapen, i Stuttgart 1993, hoppa han nøyaktig like høgt og vart på ny nummer fem.

Den 12. juli 1995 svinga Kemp seg over 2,38 m under eit stemne i Nice, framleis gjeldande (2018) bahamansk rekord i høgdehopp. Fire veker seinare var han ein av fem utøvarar som smaug seg over 2,35 m i finalen under friidretts-VM i Göteborg. På 2,37 m gjekk Kemp som den einaste over lista i andre forsøk. Regjerande verdsmeister og verdsrekordhaldar Javier Sotomayor klarte same høgda i tredje og siste forsøk, men då både Kemp og Sotomayor reiv alle forsøk på 2,39 m kunne Kemp gjere seg klar til å take imot gullmedaljen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  • «Troy Kemp» (på engelsk). olympedia.org. Henta 13. februar 2023.