Javier Sotomayor (fødd 13. oktober 1967) er ein cubansk høgdehoppar og gjeldande verdsrekordhaldar i høgdehopp. Sotomayor er den einaste som nokonsinne har hoppa 2,44 m. Verdsrekorden hans på 2,45 vart sett i Salamanca i Spania den 27. juli 1993.

Javier Sotomayor


Statsborgarskap Cuba
Fødd 13. oktober 1967 (56 år)
Limonar
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Bislett-medaljen, Fyrsten av Asturias' pris for sport

Biografi endre

Sotomayor er 1,95 m høg, og trenarane hans ville difor fyrst at han skulle bli korgballspelar. Han starta med aktivt høgdehopp som fjortenåring, og då han fylte 19 var han rangert som nummer 5 på verdsbasis. Sotomayor kunne ha OL-debutert under sommar-OL 1984 i Los Angeles, men leikane vart boikotta av Cuba og andre kommunistiske land. Derimot sette han juniorverdsrekord på 2,33 i Havana dette året. I 1987 vann han dei panamerikanske leikane og sette ny personleg rekord med 2,37 m.

I 1988 var Cuba eitt av få land som boikotta leikane i Seoul, og Sotomayor fekk difor ikkje delta. Den 8. september, få dagar før OL tok til, sette Sotomayor ny verdsrekord i Salamanca i Spania. Sotomayor hoppa heile 2,43 m og slo med det rekorden til svenske Patrik Sjöberg med éin centimeter. Den 4. mars 1989 under VM i friidrett innandørs i Budapest sette han den gjeldande verdsrekorden på 2,43 m og slo med det tyskaren Carlo Thränhardt sin rekord med éin cm. Den 29. juli 1989 forbetra Sotomayor sin eigen utandørs-rekord til 2,44 i San Juan i Puerto Rico.

Javier Sotomayor fekk delta i sitt fyrste OL under sommar-OL 1992 i Barcelona - dette vart einaste gongen han fekk bli olympisk meister. Sotomayor hoppa her 2,34 på fyrste forsøk. Sølvvinnaren Patrik Sjöberg greidde denne høgda på andre forsøk, og bronsemedaljen vart delt mellom dei tre deltakarane som greidde høgda på tredje forsøk.

Då Sotomayor sette verdsrekorden i Salamanca sommaren 1993, brukte han berre fire hopp før han tok rekorden. Fyrst hoppa han 2,32, deretter 2,35, tredje gongen 2,38 og fjerde gongen vart lista sett på 2,45, men han reiv på fyrste forsøket. På andre forsøket gjekk han over, sjølv om han sneia lett nedi lista. Sotomayor hadde også ein særeigen hoppteknikk, og han sette verdsrekorden med venstrebeinet.

I 1993 vart Sotomayor også verdsmeister under friidretts-VM i Stuttgart. Under VM i 1995 i Göteborg måtte han ta til takke med sølv, men i 1997 i Athen tok han nytt VM-gull. Sotomayor vart forhindra frå å delta i sommar-OL 1996 i Atlanta på grunn av cubansk boikott.

I 1999 vart Sotomayor teken i doping og vart straffa med to års utestenging frå idretten. Seinare vart straffa hans halvert av IAAF slik at han fekk han lov til å delta under sommar-OL 2000 i Sydney, 32 år gamal. Dette vart hans andre og siste OL-deltaking, og han tok sølvmedaljen bak russiske Sergej Kljugin. I juni 2001 vart Sotomayor igjen teken for doping. Han kunngjorde at han fullførte karrieren sin i september same året.

Kjelder endre