Trude Charlotte Gimle (fødd 2. desember 1974) er ein tidlegare alpinist frå Aurskog som vann to NM-gull i 1997 og vart nummer fem i kombinasjonen under VM i alpine greiner 1999. Ho var medlem av Aurskog/Høland Alpinklubb.

Trude Gimle
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. desember 1974 (50 år)
Aurskog
Idrett alpint
Tok del i Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998

Karriere

endre

Tre veker før dei olympiske vinterleikane 1994 tok til på Lillehammer overraska dei norske alpinkvinnene Marianne Kjørstad og Trude Gimle med å verte nummer fire og fem i eit verdscuprenn i slalåm i Maribor. Dermed fekk dei delta på Lillehammer, der Gimle kom på 15. plass i slalåm-tevlinga.

Gimle vann si fyrste NM-medalje då ho tok sølv i slalåm under NM i alpine greiner 1994 i Narvik, einast Trine Bakke rann fortare. Året etter kopierte Gimle slalåmsølvet i NM på Bjorli, og tok same sesongen bronsemedaljen i utfortevlinga i Melhus.

Under NM i alpint 1997 i Hemsedal vann Gimle både utforrennet og den alpine kombinasjon. Ho deltok i Vinter-OL 1998 i Nagano, med ein 16. plass i utfor som beste resultat. Seint i OL-sesongen vart toppen av resultatlista i NM-slalåm den same som i 1994, Bakke tok gullet og Gimle sølvet.

Gimle opnnådde tre tredjeplassar i verdscuprenn, fyrst i slalåm i Maribor i 1995 og så i 1998/99-sesongen i to kombinasjonstevlingar. I VM i alpine greiner 1999 i Vail imponerte ho med å verte nummer fem i kombinasjonen.

Ho la opp i 2003, etter fleire magre sesongar.

Kjelder

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

endre