Truger

(Omdirigert frå Truge)
«Truga» omdirigerer hit. For truga organismar, sjå truga artar.

Truger (av norrønt þrjúgr) eller snøsko er rammer med flettverk som ein kan festa på føtene for å hindra at ein søkk ned i laus og djup snø.

Tradisjonell truge
Moderne truger
Mann og hest med truger. Etter ein illustrasjon til Olaus Magnus si Historia de Gentibus Septentrionalibus.

Moderne truger har ofte ei ramme av aluminium og heil trøflate av kunststoff med bindingar. Den eldre typen truger hadde rammer av tre med flettverk av vidjer eller ståltråd. Fottøyet har truleg blitt nytta over fleire tusen år i Asia, Nord-Amerika og Europa. Før vart det laga truger for hestar, vanlegvis med plater av tre.

Kjelder endre

«truger» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Truger

Sjå og endre