Liv Signe Navarsete
Liv Signe Navarsete (fødd 23. oktober 1958 i Sogndal) er ein norsk Senterpartipolitikar. Ho var leiar i Senterpartiet frå 2008 til 2014 og kommunal- og regionalminister i regjeringa Stoltenberg II. Frå 2005 til 2009 var ho samferdsleminister.
Liv Signe Navarsete | |
![]() Liv Signe Navarsete Foto: Senterpartiet | |
Fødd | 23. oktober 1958 (64 år) Sogndal kommune |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Senterpartiet |
Yrke | politikar |
Utdanna ved | Høgskulen i Sogn og Fjordane |
Ektefelle | Lars Petter Nesse |
Alle verv |
|
Navarsete har vore gruppeleiar for Senterpartiet i fylkestinget i Sogn og Fjordane, vararepresentant til Stortinget 2001–2005, og var med i distriktskommisjonen. Ho har hatt styreverv i mellom anna Gjensidige Nor Forsikring, i Vestlandsforsking og har vore sjølvstendig næringsdrivande. Navarsete er ei av berre seks kvinner frå Sogn og Fjordane som har representert fylket på Stortinget.[1]
Ved stortingsvalet 2005 vart Navarsete vald inn på Stortinget som fast representant frå Sogn og Fjordane. 17. oktober 2005 vart ho utnemnd til samferdsleminister i den raudgrøne regjeringa. Ved valet i 2009 vart ho attvald til Stortinget. Ved omrokkeringa i regjeringa etter valet vart ho utmend til kommunal- og regionalminister.
Etter at Åslaug Haga trekte seg som partileiar i 2008 (og Lars Peder Brekk hadde fungert mellombels i vervet i nokre månader), vart Navarsete vald til leiar for Senterpartiet 12. september 2008.
Navarsete er opphavleg frå Sogndal og vart som tobarnsmor i 1992 enkje då ektemannen brått døydde grunna hjarteinfarkt. Ho har no vaksne ungar.[2] Frå år 2000 har ho budd i Lærdal, der ho vart sambuar med Lars Petter Nesse, som no er varaordførar i Lærdal. På skotårsdagen 29. februar 2008 fridde ho til han, og 17. mai 2008 gifta dei seg i den norske sjømannskyrkja i London.
Ho har vorte tildelt Storegutprisen for god og levande nynorsk.
Kjelder Endra
- ↑ Kvinner frå Sogn og Fjordane på Stortinget og i regjeringa, Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane, arkivert frå originalen 15. desember 2014, henta 12. desember 2014
- ↑ «Navarsete fridde på skuddårsdagen» på VG.no.