Opna hovudmenyen

Trygve Utheim (16. september 188415. juni 1952) var ein norsk byråkrat, fylkesmann og stortingsmann frå Grytten i Romsdal. Han var sosialminister i Johan Ludwig Mowinckel si tredje regjering 1933-35.

Trygve Utheim
Trygve Utheim.jpg
Fødd 16. september 1884
Grytten
Død

15. juni 1952

Yrke politikar, jurist
Trygve Utheim på Commons

Far til Utheim var handelsmann på Veblungsnes. Sjølv vart han student i 1903 og cand.jur. i 1907. Han var deretter amtsfullmektig i Nordre Bergenhus amt 1908-10, fullmektig ved Ringerike sorenskriveri og Aker kriminaldommarembete, før han 1912-14 var konstituert byfut og borgarmeister i Drammen. Fram til 1920 var han så sekretær i Justisdepartementet. Sidan var han i åtte år byråsjef i Justisdepartementet til han i 1928 vart fylkesmann i Møre og Romsdal, eit embete han hadde til han døydde.

Halvtanna år frå hausten 1933 var Utheim var sosialminister i Venstre-regjeringa til Johan Ludwig Mowinckel. Utheim vart i 1937 vald til landsstyremedlem i Venstre, eit verv han hadde livet ut. I 1940 var han mellom dei som flykta til Storbritannia og budde der til våren 1945. Same hausten var han Venstre sin fyrstekandidat til Stortinget frå landkrinsane i Møre og Romsdal og var dermed sikra tingplass, ein plass han vart attvald til i 1949. Han var 1945-49 medlem i Finans- og tollkomiteen og frå 1950 nestformann i Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Utheim døydde sommaren 1952 og Anders E. Skrondal møtte som fast representant resten av fireårsperioden.

KjelderEndra