Tur'an (arabisk طرعان, hebraisk תֻּרְעָן) er ein israelsk-arabisk lokal kommune i Nord distrikt i Israel. Han ligg ved foten av fjellet Tur'an og Tur'andalen, nær hovudvegen frå Haifa til Tiberias, og kring 7 km nord for Nasaret.[2] I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå, Tur'an hadde eit folketal på 11 100, hovudsakleg muslimar, i 2005.[1]

Tur'an
טורעאן, תֻּרְעָן, طرعان
lokal kommune
Abu Baker Sadic-moskeen i Tur'an i 2011
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°46′36.97″N 35°22′32.43″E / 32.7769361°N 35.3756750°E / 32.7769361; 35.3756750
Areal 13,1 km²
Folketal 11 100  (2006)[1]
Folketettleik 847 / km²
Bystatus 1959
Kart
Tur'an
32°46′37″N 35°22′32″E / 32.776936111111°N 35.375675°E / 32.776936111111; 35.375675
Wikimedia Commons: Tur'an

Historie endre

Landsbyen vart i romersk og bysantinsk tid kalla Tir'an. Det var ein jødisk landsby og innbyggjarane konverterte truleg til islam på slutten av den tidlege islamske tida (800-1100-talet) i Palestina.[3]

Palestine Exploration Fund fann i Survey of Western Palestine (SWP) grotter og utskorne cisterner i landsbyen, som dei skreiv må ha vore ein eldgamal stad.[4]

I 1517 vart Tur'an i lag med resten av Palestina ein del av Det osmanske riket etter han vart erobra from mamelukkane, og i 1596 stod han oppført i osmanske skattelister som ein del av Tabariyya nahiya i Safad liwa. Han hadde eit folketal på 48 hushaldningar, alle muslimar. Innbyggjarane betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, frukttre, geiter og/eller bikubar.[5]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Tur'an i 1870, og estimerte at han hadde 350 muslimar og 200 «grekarar».[6] I 1881 skildra Survey of Western Palestina han som «Ein steinlandsby, delvis bygd av basalt, med kring 300 innbyggjarar, halvparten kristne, halvparten muslimar.[..] Landsbyen ligg ved foten av åsane og er omgjeve av olivenlundar. Det ligg ei god kjelde i nordvest.»[7]

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Tur'an eit folketal på 768; 542 muslimar og 226 kristne.[8] Folketalet hadde auka i folketeljinga i 1931 til 961; 693 muslimar og 268 kristne, i alt 188 busette hus.[9]

I 1945 var folketalet 1 350, alle arabarar, med 29 743 dekar land, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 1 153 dekar for plantasjar og irrigert land, 11 909 for korn,[11] medan 34 dekar vart utbygd land.[12]

Den 18. juli 1948 erobra israelarane Tur'an under den andre delen av Operasjon Dekel. Husa til dei som hadde flykta frå landsbyen vart seinare nytta til å huse arabiske flyktningar frå nabolandsbyar. Landsbyen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.[13][14]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 ICBS Census 2005
  2. Tur'an (Israel)
  3. «Tur'an» i Mapa - Israelsk Geografi, arkivert frå originalen 3. mars 2016, henta 1. februar 2015 
  4. Conder og Kitchener, 1881, s. 418
  5. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 188.
  6. Guérin, 1880, s. 182-183
  7. Conder og Kitchener, 1881, s. 363-364
  8. Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Nasaret, s. 38
  9. Mills, 1932, s. 76
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 63[daud lenkje]
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 110[daud lenkje]
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 160[daud lenkje]
  13. Morris, 1987, s. 200, 253.
  14. O'Ballance, Edgar (1956) Den arabisk-israelske krigen. 1948. Faber & Faber, London. s.160.

Bakgrunnsstoff endre