Masseturisme er ei form for turisme der store mengder folk vitjar populære turistmål, ofte som delar av organiserte reisegrupper. Denne forma for turisme har oppstått takka vera lovfesta, betalt ferie og auka kjøpekraft i ei rekkje industriland frå 1960-talet av,[1] i lag med utvikling av transport og turistbustader.

Turistar på Mont-Saint-Michel.

Sidan slutten av 2010-talet har ein byrja å bruka uttrykket overturisme om stader ein opplever som overfylte eller metta med turistar. Overturisme er spesielt definert av ein overdriven vekst i talet på vitjande i visse områder der mellombelse eller sesongmessige turisttoppar har ein permanent negativ innverknad på livsstilen, komforten og velværet til dei fastbuande.[2]

Skildring endre

 
Masseturisme på ein avgrensa stad: Dyne 45 i Namibørkenen.

Den fyrste masseturismen byrja i 1841, då den britiske forretningsmannen Thomas Cook (1820-1890) organiserte ei togreise mellom Leicester og Loughborough for 500 medlemmer av eit avhaldslag. Dette var det fyrste reisebyrået, og blei deretter brukt til å vitja verdsutstillinga i London i 1851, og så for turar som kryssa den engelske kanalen for å vitja den franske kysten. Jernbaneselskap og deretter bilindustrien gav ut reiseguidar for å fremja verksemda si og vekka reiselyst.[3]

Mogleiken til å reisa er generelt rekna som ein menneskerett, og blir særleg forsvart av reiselivsnæringa og av World Tourism Organization.[4] «Sosial turisme», ei rørsle for å demokratisera turisme og gjera han tilgjengeleg for alle, voks fram på 1960-talet med skipinga av Bureau International du Tourisme Social (BITS), no International Social Tourism Organisation (ISTO), i 1963.

Faktorane som har bidratt til utbreiinga av massiv turisme er blant anna auke i levestandard, utbreiing av betalte feriar, utbreiing av privatbilisme og av veginfrastruktur, utvikling av lufttransport og rimelege bilettprisar, til dømes med charterfly, utvikling av reiselivsbyrå og reiselivsprodukt, kjedehotell med stor kapasitet som Club Med og rimeleg overnatting i stader som feriebyar.[5][6]

Pakketurar er typiske for masseturisme, det same er konsentrasjonar av til dømes alpinanlegg på ein avgrensa stad der turistar bur i hopetal.

Trekkplaster endre

Kjennskap gjennom filmar og seriar kan bidra til masseturisme på visse stadar.

Dette var til dømes tilfellet for New Zealand etter at Lord of the Rings-filmane blei filma der, og for tv-serien Game of Thrones.[7] Fleire stader ein hadde filma serien opplevde ei kraftig auke i turistmengda. Sevilla i Spania tok imot over 700 000 turistar i 2015. Hofdabrekka på Island tok imot over 500 000 turistar i 2014. Essaouira i Marokko tok imot over 600 000 turistar i 2014. I Nord-Irland estimerte ein at området fekk 350 000 vitjande i året takka vera serien.[7]

Ein liknande auke fann stad i samband med serien Breaking Bad. Handlinga går føre seg i Albuquerque i New Mexico. Før Breaking Bad vitja som regel turistar til New Mexico Santa Fe. Takka vera Breaking Bad byrja fleire å vitja Albuquerque.[8]

I Thailand blei stranda ved Mayabukta på Ko Phi Phi Leh kjend i 2000 gjennom filmen The Beach av Danny Boyle, med Leonardo Di Caprio og Virginie Ledoyen. 5000 turistar kom til staden kvar dag, og i 2018 blei stranda mellombels stengd for vitjande.[9]

Konsekvensar av masseturisme endre

 
Benidorm i Spania, symbol på masseturisme.

Masseturisme har ofte negative konsekvensar for lokalbefolkninga og miljøet. Det blir produsert mykje avfall, og ein treng myke energi og vatn. I attraktive varme land blir særleg vatn sløsa bort i store hotellkompleks (rennande vatn, vatning, symjebassen) til ulempe for lokale. I tropiske område brukar ein fastbuande gjennomsnittleg 27 liter vatn per dag mot 100 liter per dag blant turistar (ministerielle data, 2005). Ved sjøen blir dette vatnet som oftast pumpa direkte inn i den freatiske sona, noko som jamleg fører til nedsynking av bakken medan strandsand fyller dei underjordiske holromma som blir danna. Dette kan gjera at strender forsvinn, noko som så kan redusera talet på turistar.

Dei mange transportmidla som blir brukte av reisande, som fly, bussar og cruiseskip, bidrar til utslepp av CO2 og andre drivhusgassar.[10]

Naturen kan også lida av masseturisme, nokre gonger direkte, som når ein tek selfie saman med ville dyr, eller på grunn av menneskeleg aktivitet nær dei. Mykje turisttrafikk kan slita ned vegetasjon og medføra erosjon, særleg i sårbare område.[11]

Massiv turisme gjev «ekstremt splittande effektar på lokalbefolkninga: på den eine sida blir folk rikare, og på den andre sida lir folk og blir proletariserte og marginaliserte.»[12]

Turisme kan før til at lokalbefolkninga ikkje lenger kan finna sin plass i dei store, travle byene. Det er blitt observert fenomen på grunn av massiv turisme som barne- og vaksenprostitusjon (ofte kalla sexturisme), fortrenging av befolkningar for å gi plass til eigedomsprosjekt i hotellbransjen, vekst i kriminalitet og narkotikahandel.

Regelverk endre

Venezia, som tar imot meir enn tretti millionar vitjande i året, har lagt ned forbod mot å oppretta nye hotell i sentrum sidan 2017, sett ein kvote på 20 000 tilstadeverande på Markusplassen under karneval og på visse heilagdagar, og stenging av visse gater og landingsfasar. Ein har også vurdert inngangsavgift som del av tog- eller flybillettar. Forboden oppførsel som å bada i Canal Grande i Venezia, i fontenene i Roma eller piknik på trappene til Duomo i Firenze blir bøtelagt. På Sardinia har mange strender lagt ned avgrensingar på mellom 300 og 1000 menneske per dag, som må betale inngangsbillettar på mellom 1 og 10 euro. Byrådet i Edinburgh i Skottland har vedtatt ein skatt på 2 pund per natt på alle bestillingar inkludert Airbnb. Amsterdam har avgrensa til 30 dagar i året for møblert utleie til turistar, forbode opning av nye suvenirbutikkar og stengd turistbussar ut frå sentrum. Paris har vurdert liknande tiltak og å avgrensa utleige av Airbnb-typen. I Hellas har styresmaktene avgrensa tilkomst av cruisepassasjerar til øya Santorini.[9]

Dubrovnik, som blei meir populært som reisemål på grunn av Game of Thrones, måtte i 2017 innføra daglege kvotar for vitjande.[9]

I 2018 stengte Filippinane øya Boracay i seks månader. Denne paradisiske øya var blitt til ein «septiktank», ifølgje presidenten i landet, som effekt av masseturisme. Stranda ved Mayabukta i Thailand blei stengd for fleire år i 2018.[9]

På Svalbard er det lagt ned forslag om å avgrensa storleiken på turistskip og kva stader turistar kan gå i land.[13]

Kjelder endre

  1. Réau, Bertrand (2011), Les Français et les vacances (på fransk), Paris: CNRS, ISBN 978-2-271-07202-3 
  2. Traduction extraite de l'article « Le grand ras-le-bol européen contre le “surtourisme” », Der Spiegel - Hambourg, 6 septembre 2018 publiée sur le site de courrierinternational.com (version en ligne) citant la définition de Claudio Milano, Marina Novelli & Joseph M. Cheer, « Overtourism: a growing global problem » (2018) (version en ligne).
  3. Saskia Cousin et Bertrand Réau (Mars-avril-mai 2011). «L'avènement du tourisme de masse». magazine (på fransk). 
  4. L'organisation Mondiale du Tourisme affirme « le droit au tourisme et à la liberté des déplacements touristiques ». Voir le Code mondial d'éthique du tourisme[daud lenkje]
  5. André Girod (15. november 2011), Le tourisme de destruction massive (på fransk), Paris: L'Harmattan, s. 11, 12, ISBN 978-2-296-55565-5 
  6. Alain Mesplier (2005), Le tourisme dans le monde, éditions Bréal, s. 306  .
  7. 7,0 7,1 «Tom Hardy: Can a star's posts give locations a tourism boost?». BBC News (på engelsk). 5. september 2021. 
  8. «Visiter les lieux de tournage de Breaking Bad à Albuquerque – Yo, Mr White | Le blog de Mathilde». Le Blog de Mathilde aux USA (på fransk). 7. juli 2014. Henta 12. juni 2019. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 L'Europe se mobilise contre le « surtourisme », Les Échos, 29. juli 2019.
  10. «Les conséquences négatives du tourisme». Consommer Responsable (på fransk). 27. oktober 2016. Henta 8. september 2018. 
  11. Andreassen, Rune N. (26. februar 2020), «Anbefaler strengere regler på Svalbard: – Den økte turismen har helt klart negative effekter», NRK (på norsk bokmål), henta 5. september 2021 
  12. Katia DOLMADJIAN (29. september 2017). «Le tourisme de masse va-t-il «s'autodétruire»?». La Presse (på fransk). Henta 8. september 2018. 
  13. Malmo, Vilde Kristine (3. september 2021), «Vil stramme inn turistreglene på Svalbard», NRK (på norsk bokmål), henta 5. september 2021