Tusse Chiza

svensk songar

Tousin «Tusse» Chiza (fødd 1. januar 2002), kjend under kallenavnet Tusse, er ein svensk-kongolesisk songar. Chiza slo gjennom musikalsk då han vann svenske Idol i 2019, og han vann Melodifestivalen 2021 med låten «Voices». Som følgje av sigeren representerte han Sverige i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.

Tusse Chiza

Fødd1. januar 2002 (22 år)
FødestadKinshasa
OpphavSverige
Aktiv2018–
Sjangerpop
Verka somsongar

Bakgrunn endre

Chiza vart fødd i Den demokratiske republikken Kongo, og då han var barn, flykta familien på grunn av uroa i landet. Under flukta kom han bort frå foreldra, og enda opp åleine i Sverige i 2010. Han budde dei fyrste åra i Nora og Västerås, før han i 2015 flytta til ein fosterfamilie i Kullsbjörken utanfor Leksand i Dalarna.[1]

Chiza deltok i talenttevlinga Talang 2018, der han nådde semifinale-rundane. Året etter melde han seg på svenske IdolTV4 og gjekk vidare til sluttaudition.[2] Han gjekk vidare til topp 12 og vann til slutt Idol-finalen 29. november 2019.[3][4][5]

Etter sigeren gav han ut singelen «Rain» for nedlasting på Itunes Store. Månaden før hadde han òg gjeve ut sin eigen versjon av Whitney Houston-låten «How Will I Know» som han framførte under Idol. 10. april 2020 gav han ut sin fyrste singel etter Idol, «Innan du går».[6] Detta var òg hans fyrste låt på svensk.

Eurovision Song Contest endre

Hausten 2020 vart Chiza presentert som ein av deltakarane til Melodifestivalen 2021, og 3. desember vart det gjort kjend at han skulle delta med låten «Voices», skriven av Joy og Linnea Deb, Jimmy «Joker» Thörnfeldt og Anderz Wrethov. Chiza deltok i den tredje delfinalen og kvalifiserte seg direkte til finalen 13. mars 2021.[7] Han var storfavoritt til å vinne Melodifestivalen.[8][9][10] I finalen innfridde Chiza favorittstempelet og vann med god margin. Han fekk dimed representere Sverige i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[11]

Chiza deltok i den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest i Rotterdam Ahoy tysdag 18. mai 2021. Der vart han nummer sju, og Sverige kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 22. mai. I finalen vart han nummer 14 av 26, det svakaste resultatet til Sverige sidan 2013.[12]

Diskografi endre

Singlar endre

Tittel År Høgaste

listeplassering

Album
SVE[13]
«How Will I Know» 2019 Ikkje frå album
«Rain» 63
«Innan du går» 2020
«Jag tror på sommaren»
«Crash»
«Voices» 2021 1[14]
«—» markerer at songen ikkje nådde hitlisten.

Kjelder endre

  1. «Tusse Chiza i Idol 2019: 6 saker du inte visste» (på svensk). Henta 12. mars 2021. 
  2. Fahl, Ragna (2. mars 2018). «Tusse missade finalen när Talang-juryn röstade på en hund» (på svensk). Henta 12. mars 2021. 
  3. «Semifinalen av ”Idol” 2019 – minut för minut» (på svensk). Henta 12. mars 2021. 
  4. «Freddie och Tusse till ”Idol”-final» (på svensk). Henta 12. mars 2021. 
  5. «Tusse Chiza i tårar – efter segern i ”Idol”» (på svensk). 6. desember 2019. Henta 12. mars 2021. 
  6. «Tusse, singler og EP, Spotify». Spotify. Henta 7. desember 2019. 
  7. «Tusse och Charlotte Perrelli vidare till final i Melodifestivalen». Aftonbladet (på svensk). Henta 20. februar 2021. 
  8. «Melodifestivalen 2021 odds: Tusse is the favourite to win with "Voices"» (på engelsk). 8. mars 2021. Henta 12. mars 2021. 
  9. «Sweden: Tusse is now the big favorite to win Melodifestivalen 2021, according to odds!» (på engelsk). 21. februar 2021. Henta 12. mars 2021. 
  10. «Artistens favoritpress – vädjar till vännerna» (på svensk). Henta 12. mars 2021. 
  11. «Tusse triumphs at Melodifestivalen with 'Voices'» (på engelsk). 13. mars 2021. Henta 14. mars 2021. 
  12. «Tusse - Sweden - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021. 
  13. «Discography Tusse». Swedish Charts Portal. Hung Medien. 
  14. «Veckolista Singlar, vecka 11» (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 20. mars 2021.