Voices av Tusse Chiza

song frå 2021 med Tusse Chiza
«Voices»
Song av Tusse Chiza
Land Sverige
Språk Engelsk
Utgjeve 27. februar 2021
Sjanger Elektropop
Lengd 03:04
Selskap Universal
Låtskrivar(ar) Joy Deb, Linnea Deb, Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Anderz Wrethov

«Voices» ('stemmar') er ein elektropopsong frå 2021 med den svensk-kongolesiske songaren Tusse. Songen vart fyrste gong framført 20. februar 2021 under den tredje delfinalen i svenske Melodifestivalen. Han kvalifiserte seg til finalen 13. mars 2021, og vann til slutt heile Melodifestivalen. Med sigeren var «Voices» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland, der han vart nummer 14 i finalen.[1]

Om songen endre

«Voices» er skriven av det svenske låtskrivarteamet Joy Deb, Linnea Deb, Jimmy «Joker» Thörnfeldt og Anderz Wrethov. Dei fire har alle levert ei rekkje bidrag til Melodifestivalen, norske Melodi Grand Prix og Eurovision Song Contest tidlegare.[2] Det tidlegare ekteparet Joy og Linnea Deb var med på skriva «Heroes», som Måns Zelmerlöw vann Eurovision Song Contest med i 2015. Anderz Wrethov står blant anna bak «Fuego» for Eleni Foureira (andreplass for Kypros i 2018) og «Too Late for Love» med John Lundvik (femteplass for Sverige i 2019). Jimmy «Joker» Thörnfeldt har tre songar med i Eurovision Song Contest 2021, Joy og Linnea Deb to. Thörnfeldt stod òg bak «El Diablo», som deltok for Kypros, medan alle desse tre var blant låtskrivarane av «Adrenalina», som deltok for San Marino i 2021.[2]

Songen handlar om venskap, fridom og viktigheita av at alle stemmar vert høyrde.[2] Ifølgje artisten Tusse vart songen til då han sat i ein musikk-session saman med dei fire låtskrivarane: «Vi sat og skreiv musikk, men ingenting kjendest riktig, og ikkje noko kom nære hjartet. Men så kom det fram at dei allereie hadde skrive ein sånn vakker låt, som eg fekk høyre. Og eg sa berre: 'Den er det! Det er den vi må gå for».[2]

Melodifestivalen endre

3. desember 2020 offentleggjorde Sveriges Television at «Voices» var blant dei 28 låtane som var plukka ut til å delta i Melodifestivalen 2021.[3] Songen vert framført av Tusse, som kom til Sverige som einsleg asylsøkar i 2010.[4] Tusse vart kjend i Sverige i 2019, då han vann svenske Idol.[5]

Songen var det siste bidraget på scena i den tredje delfinalen i Stockholm laurdag 20. februar 2021. Der vann han delfinalen og kvalifiserte seg til finalen i Stockholm laurdag 13. mars.[6]

Før finalen var «Voices» og Tusse den største favoritten til å vinne Melodifestivalen.[7][8][9] I finalen var songen det sjuande bidraget ut på scena av tolv deltakarar. «Voices» vann både juryavrøystinga og fekk suverent flest røyster i telefonavrøystinga med nærare 3 millionar røyster.[10] Songen vann samanlagt med 175 poeng, eit godt stykke føre andreplassen «Every Minute» med Eric Saade som fekk 118 poeng.[11] Med sigeren vart «Voices» det svenske bidraget til Eurovision Song Contest.[12]

Eurovision Song Contest endre

«Voices» deltok i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy i Nederland tysdag 18. mai 2021. Der enda den på sjuandeplass med 142 poeng og kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai. I finalen var «Voices» det 25. og nest siste bidraget ut på scena. Bidraget fekk 109 poeng og enda som nummer 14 av 26 i finalen. Dette var det svakaste resultatet for Sverige sidan 2013, då Robin Stjernberg fekk same plassering med låten «You».

Listeplasseringar endre

Liste (2021) Høgaste

plassering

Belgia (Ultratip Flandern)[13] 11
Hellas (IFPI)[14] 93
Irland (IRMA)[15] 99
Island (Tónlistinn)[16] 16
Litauen (AGATA)[17] 19
Nederland (Single Top 100)[18] 56
Noreg (VG-lista)[19] 11
Storbritannia (UK Download)[20] 31
Sveits (Schweizer Hitparade)[21] 66
Sverige (Sverigetopplistan)[22] 1

Utgjevingshistorikk endre

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 27. februar 2021 Digital nedlasting, strøyming Universal [23]

Kjelder endre

  1. «Tusse wins Melodifestivalen 2021 in Sweden with "Voices"» (på engelsk). 13. mars 2021. Henta 14. mars 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Tusse "Voices" Lyrics - (Melodifestivalen 2021)» (på engelsk). 20. februar 2021. Henta 14. mars 2021. 
  3. «Sweden: SVT announces final 10 artists in Melodifestivalen 2021» (på engelsk). 3. desember 2020. Henta 14. mars 2021. 
  4. «Tusse Chiza i Idol 2019: 6 saker du inte visste» (på svensk). Henta 12. mars 2021. 
  5. «Tusse Chiza i tårar – efter segern i ”Idol”» (på svensk). 6. desember 2019. Henta 12. mars 2021. 
  6. «Melodifestivalen 2021 Semi-Final 3 Results: Tusse and Charlotte Perrelli to the final» (på engelsk). 20. februar 2021. Henta 14. mars 2021. 
  7. «Melodifestivalen 2021 odds: Tusse is the favourite to win with "Voices"» (på engelsk). 8. mars 2021. Henta 12. mars 2021. 
  8. «Sweden: Tusse is now the big favorite to win Melodifestivalen 2021, according to odds!» (på engelsk). 21. februar 2021. Henta 12. mars 2021. 
  9. «Artistens favoritpress – vädjar till vännerna» (på svensk). Henta 12. mars 2021. 
  10. «Tusse vann Melodifestivalen – slog rekord i röster från folket» (på svensk). 13. mars 2021. Henta 14. mars 2021. 
  11. «Tusse triumphs at Melodifestivalen with 'Voices'» (på engelsk). 13. mars 2021. Henta 14. mars 2021. 
  12. «Tusse om Eurovision: Jag tror vi kan ta hem det» (på svensk). 14. mars 2021. Henta 14. mars 2021. 
  13. «Tusse – Voices». Ultratop.be. Henta 11. august 2021. 
  14. «Official IFPI Charts – Digital Singles Chart (International) – Week: 21/2021» (på gresk). IFPI.gr. Arkivert frå originalen 8. juni 2021. Henta 8. juni 2021. 
  15. «IRMA – Irish Charts». Irish Recorded Music Association. Henta 29. mai 2021. 
  16. «Tónlistinn – Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 5. juni 2021. Henta 3. juli 2021. 
  17. «2021 21-os SAVAITĖS (gegužės 21-27 d.) SINGLŲ TOP100» (på litauisk). AGATA. 28. mai 2021. Arkivert frå originalen 28. mai 2021. Henta 28. mai 2021. 
  18. «Voices». Dutch Charts – dutchcharts.nl. Henta 29. mai 2021. 
  19. «Voices» (på norsk bokmål). Henta 11. august 2021. 
  20. «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 4. august 2021. 
  21. «Tusse - Voices - hitparade.ch». Hitparade.ch. Henta 6. juni 2021. 
  22. «'Voices' på Sverigetopplistan» (på svensk). Henta 20. mars 2021. 
  23. «Voices - Single by Tusse» (på engelsk). Henta 13. mars 2021.