Opna hovudmenyen

Tuvinsk (kyrillisk тыва дыл, tyva dyl eller tıva dıl) er eit nordtyrkisk språk som vert snakka av omkring 253 700 tuvinarar i Russland (ved folketeljinga i 2010),[1] hovudsakleg i republikken Tuva i sør i sentrale Sibir dessutan av om lag 27 000 i Mongolia og Kina. Språket har lånt eit stort antal røter frå mongolsk og eit fåtal ord frå russisk.

Tuvinsk
(тыва дыл)
Klassifisering: Altaiske språk
 tyrkiske
  nordtyrkisk
   tuvinsk
Bruk
Tala i: Russland
Område: Tyva
Tuvinsktalande i alt: om lag 270 000
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: Kyrillisk alfabet
Språkkodar
ISO 639-2: tyv
ISO 639-3: tyv

Tuvinsk kan delast inn i fleire dialekter, og skilnadane på dei er relativt store. Blant desse kan ein nemne tozja, vestleg tuva, erzin, kungurtuch med fleire.

OrtografiEndra

Språket sitt fyrste skriftsystem, ein variant av det latinske alfabetet med nokre spesialteikn for å spegle tuvinsk sin lyd, vart oppfunne av den tuvinske buddhistmunken Mongusj Lopsan-Tjimit i byrjinga på 1930-talet. Det latinska alfabetet vart i 1941 erstatta med ein variant av det kyrilliske alfabetet som utover det russiske kyrilliske alfabetet inneheld bokstavane Ңң ('ng'; [ŋ]), Өө ('ö'; [ø]) og Үү ('ü'; [y]). Etter Sovjetunionen sitt fall har det vakse opp ei viss interesse for å igjeninnføre det latinske alfabetet.

FotnotarEndra

  1. Vserossijskaja perepis naselenija 2010 - Folketeljinga i Russland 2010