Tuzlylagunane
Tuzlylagunane (ukrainsk Тузловські лимани, rumensk Limanele Tuzlei) er ei gruppe lagunar (limanar) sør i Bessarabia (Budjak) i Ukraina. Lagunane er ein del av Tuzlylagunen nasjonalpark. Namnet på lagunane kjem frå tyrkisk Tuzlu, som tyder salthaldig.
Tuzlylagunane | |||
lagune | |||
Kysten av Tuzlylagunane i Alibey
| |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Del av | Tuzly Lagoons National Nature Park | ||
Stad | Svartehavet | ||
- koordinatar | 45°47′N 30°00′E / 45.783°N 30.000°E | ||
Lengd | 29 km | ||
Areal | 206 km² | ||
Saltinnhald | 18-40 ‰ | ||
Tuzlylagunane 45°46′00″N 29°59′00″E / 45.766666666667°N 29.983333333333°E | |||
Kart som viser Tuzlylagunane.
| |||
Wikimedia Commons: Tuzly Lagoons National Nature Park |
Gruppa består av dei tre lagunane Sjagany, Alibey og Burnas og dei mindre lagunane Solone, Khadzjider, Karatsjaus, Budury, Kurudiol, Martaza, Mahala, Vesle Sasyk og Dzjantsjey. Lagunane dekkjer i alt 206 km², maksdjupna er 1,6-2,5 m og snittdjupna 1,0-1,3 m. Lagunane er skilde frå Svartehavet av ein 29 km lang sandbanke, som er 60-400 meter brei og 1-3 meter høg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tuzly Lagoons» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Starushenko L.I., Bushuyev S.G. (2001) Причерноморскиые лиманы Одесчины и их рыбохозиаыственноые значениые. Astroprint, Odessa, 151 s. (på russisk)
- Указ Президента України № 1/2010 Про створення національного природного парку «Тузловські лимани»