Twi
Twi (tɕᶣi), også kjend som Akan Kasa, er eit språk eller ein dialekt innan akan som blir tala i sørlege og sentrale Ghana av fleire millionar folk som morsmål eller andrespråk.[3][4] Det blir også tala av folk i søraustlege Elfenbeinskysten.
Twi | ||
Klassifisering | Niger-kongo Atlantisk–kongo Kwa Potou–tano Tano Sentral tano Akan | |
Talarar | Ashanti, akuapem, fante | |
Bruk | ||
Twitalande i alt | 9 millionar[1][2] | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | tw (Twi) | |
ISO 639-2 | twi | |
ISO 639-3 | twi | |
Glottolog | akua1239
|
Dei fleste talarane høyrer til akanfolket, den største av rundt 17 hovudstammar i Ghana.
Twi omfattar to tidlege litterære former av akan, asante-twi (ashanti) og akuapem, som er gjensidig forståelege. Akuapem-twi var den første forma av akan som blei brukt til ei bibelomsetjing, og blei dermed ein prestisjedialekt.[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Twi» frå Wikipedia på engelsk, den 15. oktober 2018.
- Fotnotar
- ↑ «Asante » Asante Twi (Less Commonly Taught Languages)». University of Michigan College of Literature, Science, and the Arts. University of Michigan. Arkivert frå originalen 15. mai 2016. Henta 15. oktober 2018.
- ↑ «Asante – Asante Twi». ofm-tv.com. Arkivert frå originalen 30. april 2017. Henta 15. oktober 2018.
- ↑ Jane Garry, Carl R. Galvez Rubino, "Facts about the World's Languages: An Encyclopedia of the World's Major Languages, Past and Present", H.W. Wilson, USA, 2001, page 8
- ↑ «Asante » Asante Twi». ofm-tv.com. Arkivert frå originalen 30. april 2017. Henta 15. oktober 2018.
- ↑ Ager, Simon. «Omniglot». Henta 11. januar 2015.