Wim Rijsbergen

nederlandsk fotballspelar

Wim Rijsbergen, fullt namn Wilhelmus Gerardus Rijsbergen, (fødd 18. januar 1952) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Leiden i Zuid-Holland. Forsvarsspelaren vann VM-sølv i 1974 og 1978 med Nederland, og var i 1974 også med om å vinne UEFA-cupen med Feyenoord.

Wim Rijsbergen
Wim Rijsbergen 1978c.jpg
Wim Rijsbergen i 1978
Personleg informasjon
Fullt namn Wilhelmus Gerardus Rijsbergen
Fødd 18. januar 1952 (68 år)
Fødestad Leiden i Nederland
Høgd 181 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Solomonøyane (trenar)
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1970–1971 Zwolle 26 (0)
1971–1978 Feyenoord 173 (1)
1978–1979 Bastia 24 (0)
1979–1983 New York Cosmos 86 (0)
1983–1984 Helmond Sport 21 (0)
1984–1986 Utrecht 18 (0)
Totalt 348 (3)
Landslag
1974–1978 Nederland 28 (1)
Trenar for
1986–1988 Ajax (ungdomstrenar)
1988–1989 DS'79 (ungdomstrenar)
1989–1991 VV Roodenburg
1991–1993 AFC DWS
1993–1995 Volendam
1995–1997 Breda
1997–1998 Groningen
1998–1999 Universidad Católica (ungdomstrenar)
1999–2001 Universidad Católica
2002 Al-Ittifaq
2003–2004 Club América (Assisterande trenar)
2010–2011 PSM Malkassar
2014–2015 Persibo Bojonegro
Landslagstrenar for
2005–2006 Trinidad og Tobago
2012–2013 Indonesia (teknisk leiar)
2019– Solomonøyane
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

Rijsbergen byrja profflivet med ein sesong i PEC Zwolle på nivå to i seriesystemet. Frå 1971 til 1978 spele han på topplaget Feyenoord, ein klubb som våren 1974 vann seriemeisterskapen og sigra i UEFA-cupen. I den andre og avgjerande UEFA-cupfinalen skåra Rijsbergen det fyrste målet då Tottenham Hotspur vart slått 2-0, eitt av få mål han skåra i heile si karriere. Etter ein sesong i franske SC Bastia, var han 1979-83 aktiv i New York Cosmos i USA. Han avslutta profftida med ein sesong i Helmond og to i FC Utrecht.

LandslagsspelEndra

Rijsbergen fekk sin landslagsdebut ei veke før VM i fotball 1974. Han imponerte så mykje at han fekk plass i fyrsteellevaren og spelte alle Nederlands kampar i meisterskapen, ein meisterskap som enda med finaletap mot arrangørlandet Vest-Tyskland. To år seinare var han òg med då Nederland tapte EM-semifinalen mot Tsjekkoslovakia i Zagreb. Landslagstida tok slutt under Fotball-VM 1978 i Argentina. Han spelte kampane i gruppespelet, men vart vraka og kom ikkje på bana i finalekampane. Rijsbergen deltok i 28 av Nederlands landskampar, skåra eitt mål.

MerittarEndra

  • Vinnar av UEFA-cupen: 1974 med Feyenoord
  • Nederlandsk seriemeister: 1974 med Feyenoord
  • VM-sølv: 1974 og 1978 for Nederland
  • EM-bronse: 1976 for Nederland

KjelderEndra