UEFA-cupfinalen i fotball 1986

UEFA-cupfinalen i fotball 1986 stod mellom spanske Real Madrid og vesttyske FC Köln og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 30. april på Santiago Bernabéu i Madrid framfor 85 000 tilskodarar, returkampen den 6. mai på Olympiastadion i Vest-Berlin med 21 185 på tribunane. Real Madrid vann pokalen med samanlagt 5-3.

Kampane

endre

Santiago Bernabéu tok vesttyskarane leiinga ved Klaus Allofs i det 29. minutt. Sidan tok heimelaget over og leia 2-1 ved pause etter nettkjenningar frå Hugo Sánchez og Rafael Gordillo. I den andre omgangen auka Real Madrid til 5-1 etter to mål av Jorge Valdano og eitt siste av innbytaren Santillana Alonso.

Heimekampen til FC Köln fann stad på Olympiastadion i Vest-Berlin. Ei skåring i kvar av omgangane, den fyrste frå Uwe Bein og den andre frå Ralf Geilenkirchen ordna siger 2-0 til Köln. UEFA-pokalen fylgde likevel Real Madrid-spelarane heim til Spania.

Lagoppstillingane i Madrid, Real Madrid i kvitt

.

Vinnarlaget til Real Madrid bestod av Agustín Rodríguez, José Antonio Salguero, Jesús Ángel Solana, José Antonio Camacho, Juanito Gómez, Rafael Martín Vázquez, Rafael Gordillo, Míchel González, Jorge Valdano, Emilio Butragueño, Hugo Sánchez, Chendo Porlan, Antonio Maceda, Ricardo Gallego, Santillana Alonso.

Köln-spelarane var Harald Schumacher, Paul Steiner, Andreas Gielchen, Dieter Prestin, Karlheinz Geils, Ralf Geilenkirchen, Mathias Hönerbach, Uwe Bein, Olaf Janßen[[, Pierre Littbarski, Klaus Allofs, Thomas Häßler, Norbert Dickel, David Pizanti, Robert Schmitz.

Dommarar

endre

Englendaren George Courtney bles i fløyta i Madrid, Bob Valentine frå Skottland i Vest-Berlin.

Kjelder

endre