Klaus Allofs (fødd 5. desember 1956) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Düsseldorf som vart europameister med Vest-Tyskland i 1980. Angrepsspelaren var aktiv i fleire klubblag, både Fortuna Düsseldorf, FC Köln, Werder Bremen, Olympique Marseille og Girondins Bordeaux. Han vann i 1992 cupvinnarcupen med Werder Bremen, og fekk elles med seg nasjonale cup- og seriemeistertitlar både i heimlandet og i Frankrike.

Klaus Allofs
Personleg informasjon
Fødselsdato 5. desember 1956 (67 år)
Fødestad Düsseldorf i Vest-Tyskland
Høgd 175 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1975-1981 Fortuna Düsseldorf 169 (71)
1981-1987 Köln 177 (88)
1987-1989 Marseille 53 (20)
1989-1991 Bordeaux 37 (14)
1991-1993 Werder Bremen 70 (18)
Totalt 514 (211)
Landslag
1978-1988 Tyskland 56 (19)
Trenar for
1998-1999 Fortuna Düsseldorf
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Allofs var profesjonell i Fortuna Düsseldorf frå 1975. Han var toppskårar i Bundesliga sesongen 1978/79. Våren 1979 vann Fortuna den vesttyske cupmeisterskapen og spelte finale i cupvinnarcupen, der det vart tap 3-4 mot FC Barcelona. Året etter vann Fortuna den nasjonale cupen ny. I alle desse tre finalane hadde han med seg broren Thomas Allofs.

Sommaren 1981 fekk Klaus Allofs kontrakt med FC Köln og vart verande i klubben i seks sesongar. Med Köln vart han i 1983 vesttysk cupmeister for tredje gong. Ei part-tre år seinare var han den sentrale spelaren då Köln tok seg til finalen i UEFA-cupen 1986. På dei ni kampane i turneringa skåra Allofs ni mål, men måtte til sist sjå Real Madrid drage av garde med UEFA-pokalen.

Der nest spelte Allofs 1987-89 i Olympique Marseille og sesongen 1989/90 i Girondins Bordeaux. Han avslutta tida i Marseille med å verte både seriemeister og cupmeister. Allofs avslutta si tid som aktiv med tre sesongar i Werder Bremen-drakta. Med laget frå Bremen vart han i 1991 nasjonal cupmeister for fjerde gong. I den etterfylgjande Cupvinnarcupen 1992 tok Werder Bremen seg til finale mot AS Monaco. Allofs skåra det eine av dei to måla som gav Werder sigeren 2-0.

Landslagsspel endre

Allofs debuterte på det vesttyske landslaget i 1978. I den kvite landslagstrøya markerte han seg særleg Fotball-EM 1980, der han skåra alle tre måla mot Nederland i ein gruppespelkamp som enda 3-2. Dei tre skåringane gjorde han toppskårar i turneringa. Han fekk ikkje plass i VM-troppa 1982, men var med EM 1984. I VM i fotball 1986 skåra Allofs utlikningsmålet i gruppespelet mot Uruguay og han vart matchvinnar mot Skottland. I straffesparkskytinga under kvartfinalen mot vertslandet Mexico var han ein av eksekutørane som syrgde for vesttysk avansement. Han var mellom dei 11 utvalde i finalen mot Argentina, men vart bytta ut i pausen. Allofs spelte sin 56. og siste landskamp i 1988 og enda med 17 nettkjenningar for Vest-Tyskland.

Merittar endre

  • Europameister: 1980 med Vest-Tyskland
  • VM-sølv: 1986 med Vest-Tyskland
  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 1992 med Werder Bremen
  • Vinnar av Bundesliga: 1992 med Werder Bremen
  • Vesttysk cupmeister: 1979, 1980 med Fortuna, 1983 med FC Köln, 1991 med Werder
  • Fransk seriemeister: 1989 med Olympique Marseille
  • Fransk cupmeister: 1989 med Olympique Marseille
  • Finalist i Cupvinnarcupen: 1979 med Fortuna Düsseldorf
  • Finalist i UEFA-cupen: 1986 med FC Köln

Kjelder endre