Opna hovudmenyen

Harald Anton Schumacher (fødd 6. mars 1954), like kjend som Toni Schumacher, er ei tysk tidlegare fotballmålvakt frå Düren i Nordrhein-Westfalen. Han vann EM-gull 1980 og to VM-sølv med Vest-Tyskland i åra 1982 og 1986. Med FC Köln sikra han seg tre nasjonale cuptitlar og i 1978 seriegullet i Bundesliga. Schumacher er særleg kjend og berykta for ei utrusing han gjorde i VM-semifinalen 1982 mot Frankrike. I det den franske spelaren Patrick Battiston skulle ta seg forbi Schumacher, vart han meia ned av Schumacher og måtte deretter berast av bana med ein alvorleg skade.

Harald Schumacher
Übergabe DFB-Pokal an Botschafter Toni Schumacher und Janus Fröhlich-6556.jpg
Harald Schumacher i 2013
Personleg informasjon
Fullt namn Harald Anton Schumacher
Fødselsdato 6. mars 1954 (65 år)
Fødestad Düren i Vest-Tyskland
Høgd 186 cm
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1972-1987 Köln 422 (0)
1987-1988 Schalke 04 33 (0)
1988-1991 Fenerbahçe 65 (0)
1991-1992 Bayern München 8 (0)
1995-1996 Borussia Dortmund 1 (0)
Totalt 529 (0)
Landslag
1979-1986 Vest-Tyskland 76 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

KlubbspelEndra

Schumacher var Köln-spelar frå 1972 til 1987. Han opplevde sin fyrste triumf då laget vann den tyske fotballcupe. Året etter var han med å vinne både Bundesliga og den tyske cupfinalen. Fem år seinare fekk han den tredje cuppokalen med Köln. Våren 1986 vakta han målet då Köln var sjanselause mot Real Madrid i finalespelet i UEFA-cupen. Etter ein sesong i Schalke 04 flytta han sommaren 1988 over til tyrkiske Fenerbahçe i Istanbul. I 1991 vende han tilbake til Tyskland, og var i 1991/92-sesongen reservemålvakt i Bayern München.

LandslagsspelEndra

Schumacher fekk sin landslagsdebut i Reykjavik mot Island i mai 1979. Frå april 1980 til hausten 1986 var han det soleklåre fyrstevalet i Vest-Tyskland sitt mål. Han stod i mål for Vest-Tyskland både i EM-finalen 1980 som enda med siger 2-1 over Belgia og i VM-finalen 1982, der Italia vann 3-1. Også i fotball-EM 1984 vakta han målet for eit vesttysk mannskap som ikkje lukkast kvalifisere seg til semifinaleplass. Schmacher var ein sentral aktør då Vest-Tyskland tok seg til endå ein VM-finale i Mexico i 1986, der Argentina med mellom andre Diego Maradona på laget sende vesttyskarane heim med sølvmedaljar etter tap 1-3. Schumacher spelte 76 landskampar.

KjelderEndra