UN-nummer (forkorta frå engelsk: United Nations number) er eit fire siffera nummer som identifiserer farlege materiale og gjenstandar (som sprengstoff, brennbar væske, oksidiserande, giftig væske, osfr.) i samband med internasjonal handel og transport. Somme farlege stoff har sine eige UN-nummer (til dømes akrylamid har UN 2074), medan nokre kjemikalar eller produkt med liknande eigenskapar har eit felles UN-nummer. Ein kjemikalie i fast tilstand kan ha eit anna UN-nummer enn kjemikalien i flytande form dersom eigenskapane er ymse; same stoff med ulik konsentrasjon kan òg ha ulike UN-nummer.

Fareskilt for lastebil og tog som fraktar farleg gods, ADR-skilt. I dette tilfelle bensin som har UN-nummer 1203, gjeve ved dei nedste siffera. Dei øvste siffera viser til fareklasse, i dette tilfelle særleg brannfarleg væske.

Regulering endre

Det finst ulike internasjonale regelverk og internasjonale institusjonar som tek føre seg ulike typar transportmiddel:

  • RID for jarnbanetrafikk
  • ADR-S for landtransport
  • ICAO-TI for luftfart
  • IMDG for sjøfart

Tildeling av UN-nummer endre

UN-nummer varierer frå UN 0004 til omtrent UN 3550 (UN 0001–UN 0003 er ikkje lenger i bruk) og er tildelt av FNs ekspertkomité for transport av farleg gods. Dei vert publisert som ein del av sine tilrådingar om transport av farleg gods, òg kjent som Orange Book. Det finst ikkje UN-nummer for ikkje-farlege stoff.

Døme på UN-nummer endre

Merking av transportmiddel endre

 
Ein lastebil med ADR-skiltet [30-1202].
30: brannfarleg væske
1202: Diesel, gassolje eller lett fyringsolje.
Foto: Peter Fiskerstrand
 
Ei jarnbanevogn med skiltet [40-1361].
40: brannfarleg fast stoff
1361: animalsk eller vegetabilsk kolstøv.

Landtransport endre

Varebilar, lastebilar og jarnbanevogner som fraktar farleg gods vert merka med oransje rektangulære skilt, ADR-skilt. Farenummer er skrive i øvre del, medan UN-nummeret i nedre del av skiltet. Dei ulike farenummera tyder:[1]

  • 0 – Inga betyding / Ingen sekundærfare
  • 2 – Gass
  • 3 – Brannfarleg væske eller gass
  • 4 – Brannfarleg fast stoff
  • 5 – Oksiderande
  • 6 – Giftig
  • 7 – Radioaktiv
  • 8 – Etsande
  • 9 – Risiko for ofseleg reaksjon
  • x – Farleg reaksjon med vatn

Døme på kombinerte farenummer:[1][2]

  • 20 – Kvelande gass eller gass utan tilleggsrisiko
  • 22 – Nedkjølt flytande gass, kvelande
  • 23 – Brennbar gass
  • 268 – Giftig gass, etsande
  • 30 – Brannfarleg væske
  • 336 – særleg brannfarleg væske, giftig
  • 80 – Etsande eller veikt etsande stoff

Når to like farenummer er skrive etter kvarandre viser det til ein forsterka fare. Til dømes tyder 33 at noko er ekstra brannfarleg, og 88 for særleg etsande stoff.

Andre identifiseringsnummer endre

Eit NA-nummer (North America number) vert tildelt av det amerikanske transportdepartementet og er identisk med UN-nummer med somme unntak. Til dømes, NA 3334, er sjølvforsvarspray, medan UN 3334 er væske som er regulert til luftfart. Visse stoff som ikkje har eit UN-nummer kan likevel ha eit NA-nummer. Desse unntaka der det ikkje finst eit UN-nummer nyttar området NA 9000–NA 9279.

Eit ID-nummer er ein tredje type identifikasjonsnummer som vert nytta for farlege stoff som vert vigt til lufttransport. Stoff med ID-nummer er knytt til egna fraktnamn som er godkjend av ICAO Technical Instructions.[3] ID 8000, Forbrukarvare har ikkje eit UN- eller NA-nummer og er klassifisert som eit farleg materiale i klasse 9.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Informasjon om farlig gods: Merking» ved direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.
  2. «Farenummer med forklaring» (på norsk bokmål). Direktoratet for Sikkerhet og Beredskap. Henta 31. juli 2023. 
  3. «Title 49 - Part 173 - Subtitle B - Chapter I - Subchapter C - Part 172 - Subpart B». eCFR - Code of Federal Regulations. U.S. Government Publishing Office. Henta 27. september 2017. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: UN-nummer
Regelverk
Merking av køyretøy
NA- og UN-nummer databasesøk