USA Union
USA Union Studioalbum av John Mayall | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1970 | |
Innspelt | Larrabee Studio, Los Angeles i USA | |
Sjanger | Blues | |
Lengd | 47:44 | |
Selskap | Polydor | |
Produsent | John Mayall | |
John Mayall-kronologi | ||
---|---|---|
Empty Rooms (1970) |
USA Union | Back to the Roots (1971)
|
USA Union er eit studioalbum frå 1970 av bluesmusikaren John Mayall med Harvey Mandel på gitar, Larry Taylor på bass og Don «Sugarcane» Harris på fiolin. Albumet vart spelt inn 27. og 28. juli 1970 i Larrabee Studios i Los Angeles og kom ut same året på Polydor.[3]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Rolling Stone | (middels)[1] |
Allmusic | [2] |
Mot slutten av 60-åra hadde John Mayall flytta til Laurel Canyon i Los Angeles og hadde blitt kjend med lokale musikarar. Han vart vener med Harvey Mandel og Larry Taylor, som begge nettopp hadde slutta i Canned Heat. Taylor hadde spelt på ein song på det førre albumet til Mayall, Empty Rooms. Med denne nye heilamerikanske besetninga, gjekk Mayall i ei meir jazzaktig bluesretning, som ein først kunne høyre på konsertalbumet The Turning Point. Det uvanlege formatet (elektriske gitarar av Mayall og Mandel, Mayall på piano og munnspel, og med Harris på elektrisk fiolin, Taylor på akustisk og elektrisk bass, og ingen trommer) gav ein unik stil.
Songane dokumenterer den dåverande romansen mellom Mayall og Nancy Throckmorton, noko han òg song om på Empty Rooms. Ho tok fotografiet for plateomslaget. På turneen som følgde fekk Mayall med seg trommeslagaren Paul Lagos frå Kaleidoscope.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av John Mayall.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Nature's Disappearing» | 5:58 |
2. | «You Must Be Crazy» | 3:58 |
3. | «Night Flyer» | 5:36 |
4. | «Off the Road» | 2:51 |
5. | «Possessive Emotions» | 5:22 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Where Did My Legs Go» | 3:48 |
7. | «Took the Car» | 4:11 |
8. | «Crying» | 6:30 |
9. | «My Pretty Girl» | 4:24 |
10. | «Deep Blue Sea» | 5:06 |
Medverkande
endre- Don «Sugarcane» Harris – fiolin
- Harvey Mandel – gitar
- John Mayall – gitar, munnspel, klaverinstrument, vokal
- Larry Taylor – bassgitar
Produksjon
endre- Leonard Feather – notat i omslage
- Bob Gordon – fotografi
- John Judnich – lydteknikar
- Tapani Tapanainen – fotografi
- Nancy Throckmorton – fotografi
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «USA Union» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Rolling Stone review, arkivert frå originalen 11. februar 2010, henta 13. juni 2018
- ↑ «allmusic ((( USA Union > Overview )))». www.allmusic.com. Henta 12. juni 2018.
- ↑ Diskografien til John Mayall, arkivert frå originalen 21. januar 2012, henta 13. juni 2018
Bakgrunnsstoff
endre- «John Mayall - U.S.A. Union at Discogs». www.discogs.com. Henta 12. juni 2018.