UTZ, tidlegare UTZ Certified, er ei merkeordning og eit program for berekraftig jordbruk som blei lansert i 2002, som hevdar å vere det største programmet for kaffi i verda.[1][2] Det var tidlegare kjent som UTZ Kapeh. 7. mars 2007 skifta Utz Kapeh Foundation offisielt namn og logo til UTZ Certified.[3] UTZ Certified er ei stifting for verdsomspennande implementering av ein standard for ansvarleg kaffi-, kakao, te og rooibosjordbruk. UTZ-sertifiserte kooperativ og produsentgrupper må rette seg etter ein Code of Conduct for dei respektive produkta.[4] Denne koden er eit internasjonalt anerkjent sett av kriterium for berekraftig og profesjonell kaffidyrking, som inkluderer sosialt og miljømessig riktig kaffidyrkingspraksis, og effektiv gardsdrift.

UTZ Certified


Org.formIdeell organisasjon
Skipa2002
HovudkontorAmsterdam
Nettstadhttps://utz.org/, https://www.rainforest-alliance.org/

UTZ-sertifiserte produkt skal vere sporbare frå dyrkarar til sluttprodusentar. Organisasjonen opererer eit avansert web-basert sporingssystem som visar kjøparar av UTZ-sertifiserte produkt truverdig lenkar til den sertifiserte kilda. Nokre kaffimerke og detaljhandlarar gir også kundane sine denne gjennomsiktigheita gjennom online sporing. UTZ-sertifisert kaffi vert seld i nesten 50 land, blant andre Nederland, Belgia, Frankrike, Storbritannia, Sveits, Japan, USA, Canada og dei skandinaviske landa. UTZ Certified hjelpar produsentar i Latin-Amerika, Asia og Afrika. Med eit veksande utval av program for landbruksprodukt, som kakao, te, rooibos og sporbarheitstenester for palmeolje og bomull, er nærvær av UTZ Certified aukande både blant produsentar og konsumentland.

I januar 2018 slo UTZ seg saman med Rainforest Alliance. Dei to sertifiseringane blei ei tid drivne parallelt, men frå 2020 innførte organisasjonen eit felles Rainforest Alliance-merke. Dette blei fasa inn frå juli 2021.[5][6]

UTZ Certified i Noreg endre

I Noreg tilbyr fleire merke UTZ-sertifiserte produkt. Både Joh. Johannson Kaffe og Kaffehuset Friele har utvalde sertifiserte produkt, og sjokoladeprodusenten Nidar brukar berre UTZ-serfifisert kakao.[7]

Kjelder endre

  1. Coffee Network Organisational Profile
  2. UTZ CERTIFIED Website, arkivert frå originalen 15. januar 2013, henta 14. juli 2021 
  3. UTZ CERTIFIED Name & Logo update, arkivert frå originalen 30. september 2011, henta 14. juli 2021 
  4. UTZ CERTIFIED Code of Conduct version 2009, arkivert frå originalen 30. september 2011, henta 14. juli 2021 
  5. Rainforest Alliance, FAQ: What Is the Difference Between Rainforest Alliance and Fairtrade Certification?, published 4 September 2020, accessed 31 January 2021
  6. «UTZ Certification (Now Part of the Rainforest Alliance)», Rainforest Alliance for Business (på engelsk), henta 3. august 2021 
  7. «100% Sertifisert kakao». Arkivert frå originalen 13. desember 2014. Henta 12. desember 2014. 

Bakgrunnsstoff endre