59°55′44.404″N 10°45′1.9836″E / 59.92900111°N 10.750551000°E / 59.92900111; 10.750551000

Ilatrappa sett frå Uelands gate, fotografert i 1926-1930. Bustadskomplekset med Ilatrappa, bygd i 1924–30, er eit viktig symbol for Ila.
Iladalen park sett mot nord, med Iladalen kyrkje i nordre luten av dette mykje nytta friområdet.
Foto: Helge Høifødt
Iladalen park
Foto: Helge Høifødt

Ila er eit strok i indre by i Oslo, avgrensa i sør av Bjerregaards gate mot stroket Gamle Aker, og i sør og aust mot stroket Grünerløkka av Kuba og Akerselva, mot vest av stroket St. Hanshaugen, i nord mot stroket Lovisenberg, og i nord og aust av stroket Sagene. Det kan vere ulike meiningar om grensene mot sør og mot aust går i gatene Maridalsveien eller Vøyensvingen. Elles fylgjer grensene gatene Bergstien, nordsida av bygningane i Hermann Foss' gate og nordsida av og bygningane i Colletts gate, og i nord det partiet av Ring 2 som heiter Griffenfeldts gate, mot sør og aust altså Maridalsveien nord for Alexander Kiellands plass eller Vøyensvingen, og i aust Akerselva sør for Sannerbrua.

Ila høyrde inn under Aker herred fram til 1859. Då vart stroket og heile bymarka, det landområdet som låg som såkalla takmark ikring Christiania fram til byutvidinga i 1859, innlemma i Christiania by. Uelands gate, som går gjennom stroket frå sør til nord, vert rekna som den reelle grensa mellom det som vart kalla austkanten og vestkanten i dette området av Oslo, ikkje Akerselva, som vanlegvis vert sett på som grensa mellom desse to sosialt ulike lutane av byen i dei tidene Oslo var ein viktig industriby.

Iladalen endre

Namnet Ila skriv seg frå ei ile (vasskjelde) som låg i den vesle dalgangen Iladalen, som i dag dominerast av Ila park. Denne ila gav namn til eigedomen Ihla, som seinare vart kalla Ilaløkken, ei løkke i bymarka, med løkkebygningen nord for Colletts gate, om lag ved krysset med Diriks gate. Løkka strekte seg på båe sidene av dagens Colletts gate og heile Iladalen frå Klokkergata og ned til om lag midt i Alexander Kiellands plass. Kommunen kjøpte Ilaløkken seint på 1890-talet, og namnet Ila kom i bruk som namn på strøket i mellomkrigstida, i samband med at Ilaløkken vart bygd ut.

I nordenden av dagens Iladalen park låg det i si tid isdammar som var eigd av Martin Edvard Nord, der det vart skåre ut isblokker om vinteren for sal i byen og til eksport. Slike isdammar vart det bygd mange av i området ikring Oslofjorden på 1800-talet, og produksjon av is for sal på især den utanlandske marknaden var ein stor inntektskjelde for mange. Martin Edvard Nord, som var styrar på Nedre Vøyen mølle frå 1847, tok i 1859 til med å skjære is i Akerselva og lagre isen i ein eigen ismagasinbygning i Maridalsveien. Frå 1868 leigde han Iladalen og bygde kunstige dammar med vatn frå Akersbekken (Ilabekken) som då rann ope gjennom Iladalen, men no ligg i røyr.

På midten av 1880-åra demma Nord opp heile nedre del av Iladalen, nesten ned til Waldemar Thranes gate, der han opna ei skeisebane om vinteren, kalla Nordishavet. Banen var kunstig opplyst om kveldane, og dei som ville nytte banen, måtte ut med inngangspengar. Men banen lønte seg ikkje, og vart lagt ned etter nokre år. Produksjonen av isblokker for sal heldt fram til om lag 1930, då kjøleskåp og maskinelt framstilt is gjorde is frå isdammar overflødig.

Litteratur endre