Ulefos Hovedgaard
Ulefos Hovedgaard er ein tidlegare herregard som ligg nord for Ulefoss sluser ved tettstaden Ulefoss i Telemark. Han vart reist av godseigaren Niels Aall som sumarbustad for familien og stod ferdig i 1807.[1] Arkitektar var Christian Ancher Collett og Jørgen Henrik Rawert.[1][2][3]
Ulefos Hovedgaard vart rekna for å vere det viktigaste arkitektoniske verket frå empiretida i Noreg.[4]
Herregarden er no ein del av Telemark Museum og er eit freda kulturminne.
Kjelder endre
- ↑ 1,0 1,1 Eystein M. Andersen (9. april 2014). «Ulefos Hovedgaard». Telemark fylkeskommune. Henta 5. september 2016.
- ↑ Åse Moe Torvanger. «Christian Ancher Collett». Norsk biografisk leksikon. Henta 5. september 2016.
- ↑ Einar Sørensen. «Jørgen Henrik Rawert». Norsk biografisk leksikon. Henta 5. september 2016.
- ↑ «Om Ulefos Hovedgaard», Telemark Museum (på norsk bokmål), henta 28. mars 2019
- Heimeside / Telemark Museum
- Ulefos Hovedgaard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren