Ulf Kristersson

svensk politikar

Ulf Hjalmar Ed Kristersson (fødd 29. desember 1963) er ein svensk politikar, siviløkonom og forfattar. Han har sidan den 18. oktober 2022 vore statsminister i Sverige.[1] Tidlegare var han sosialforsikringsminister frå 2010 til 2014.[2]

Ulf Kristersson

FøddUlf Hjalmar Ed Kristersson
29. desember 1963 (60 år)
Lunds domkyrkoförsamling
Statsborgar avSverige
PartiModeraterna
YrkePolitikar
InstitusjonarRiksdagsmedlem
Utdanna vedUppsala universitet
S:t Eskils gymnasium
MorKarin Kristersson
FarLars Kristersson
EktefelleBirgitta Ed (1991–)
FøregangarMagdalena Andersson
Alle verv
  • Minister for Social Security (2010–2014)
  • Leader of the Moderate Party (2017–)
  • Chairman of the Moderate Youth League (1988–1992)
  • member of the Swedish War Delegation (2017–)
  • medlem av Riksdagen (1991–1994)
  • medlem av Riksdagen (1994–1998)
  • medlem av Riksdagen (1998–2000)
  • medlem av Riksdagen (2014–2018)
  • medlem av Riksdagen (2018–2022)
  • Member of the Committee on Social Insurance (1994–1998)
  • Member of the Committee on Social Insurance (1998–2000)
  • member of the Committee on Finance (2014–2014)
  • medlem av Riksdagen (2022–2022)
  • Statsminister i Sverige (2022–) Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn endre

Kristersson er son av økonom Lars Kristersson (1938-2015) og adjunkt Karin Kristersson (fødd Axelsson 1938). Han vart fødd i Lund, og budde der fram til han vart fem år. Han vaks opp i Torshälla utanfor Eskilstuna.[3]

Kristersson fullførte vidaregåande skule utdanninga i Eskilstuna i 1983. Han utførte dernest verneplikten som troppssjef i Enköping frå 1983 til 1984.[2] Han fór seinare til Uppsala for å studera forretningsøkonomi og samfunnsøkonomiuniversitet i Uppsala, der vart han uteksaminert i 1992. I løpet av studiet var han òg aktiv i Södermanlands-Nerikes Nation, og var mellom anna programsekretær. I mai 2013 vart han æresmedlem i Nationen.[2]

Kristersson er busett i Strängnäs, og har vore gift med Birgitta Ed sidan 1991. Paret har tre døtrer saman, alle adoptivborn frå Kina. Birgitta har arbeida som PR-konsulent, men byrja i 2018 på ei utdanning for å verta prest.[4]

Kristersson var marknadsføringsleiar for Timbro Publisher frå 1995 til 1998, parallelt med dette arbeidde han som riksdagsmedlem i riksdagen.[2] I 1994 lanserte han boka Non-working Generation. I boka argumenterte han mot den svenske modellen og velferdsstaten, som han samanlikna med apartheid, og meinte at folk vart pressa inn i passivitet.[5]

Ulf Kristersson arbeidde i perioden frå 2000 til 2002 som kommunikasjonsdirektør for IT-firmaet Connecta i Stockholm.

Kristersson var styreleiar i Adoptionscentrum frå 2003 til 2005.

Politikk endre

Kristersson var sosialforsikringsminister i Fredrik Reinfeldts regjering frå 2010 til 2014.[2]

Den 1. september 2017 annonserte Kristersson at han ynskja å taka over etter Anna Kinberg Batra som partileiar for Moderaterna.[6] Den 21. september 2017 vart han nominert av valkomitéen som den nye partileiaren, og den 1. oktober 2017 tiltredde han i stillinga som partileiar.[7]

 
Kristersson under Almedalsveka i Visby, 2019.
 
Ulf Kristersson på talarstolen i Riksdagen under regjeringskrisa i 2021.

Den 18. oktober 2022 vart han teken i eid som statsminister i Sverige. Han leier ei koalisjonsregjering med partiet hans Moderaterna, Kristdemokraterna og Liberalerna, i tillegg til Sverigedemokraterna som støtteparti.[8]

Kjelder endre

  1. Nyheter, S. V. T. (11. august 2022). «Sverige får en ny regering». SVT Nyheter (på svensk). 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 ”CV: Ulf Kristersson”. moderaterna.se. Besøkt 10. september 2018.
  3. «Född i Lund, gillar Kent, gjort milen på 43.04. Här är allt du inte visste om Ulf Kristersson». 
  4. ”Birgitta Eds liv”. Expressen. Besøkt 10. september 2018.
  5. ”Tidslinje: Det här är Ulf Kristersson”. Sydsvenskan. Besøkt 7. august 2018.
  6. Di (1. september 2017). «Kristersson kandiderar till M-ledare» (på svensk). Di.se. 
  7. ”Ulf Kristersson föreslås bli ny M-ledare”. Aftonbladet. Besøkt 21. september 2017.
  8. «Ny regjering i Sverige klar». NRK. 18. oktober 2022. Henta 24. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff endre