Ullensaker kyrkje

kyrkje i Ullensaker i Akershus

Ullensaker kyrkje frå 1958 er i Ullensaker kommune i Akershus. Dette har vore hovudkyrkja for området sidan 1100-talet, og dagens kyrkje er den fjerde i rekka, etter at den førre kyrkja brann i 1952.

Ullensaker kyrkje
kyrkje
Ullensaker kyrkje
Foto: Hans A. Rosbach
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Øvre Romerike
Sokn Ullensaker
Fellesråd Ullensaker
Type Langkyrkje
Arkitekt Arnstein Arneberg og Per Solemslie
Material Betong
Innvigd 12. oktober 1958
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol 1649
Døypefont 1100-talet
Altartavle Johan Reinholt, 1633
Sitjeplassar 650
Diverse Freskar av Alf Rolfsen. Mikael-statue av Ragnhild Butenschøn.
Kart
Ullensaker kyrkje
60°05′02″N 11°09′53″E / 60.083863°N 11.16466306°E / 60.083863; 11.16466306
Wikimedia Commons: Ullensaker kirke

Kyrkja er oppført i armert betong, og takkvelvinga i kyrkjesalen er parabelforma. Mykje av taket og fondveggen er dekt av freskar laga av Alf Rolfsen. Den gamle altartavla vart redda ut av den brennande kyrkja og er teken i bruk saman med døypefonten og preikestolen, men himlingen til preikestolen rauk med i brannen. Hovuddøra har ein smijernsring frå mellomalderen.

Bakgrunnsstoff

endre
 
Kyrkja som brann i 1952
Foto: C. Christensen Thomhav / Riksantikvaren
  Denne kyrkjeartikkelen som har med Viken å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.