Alf Rolfsen (28. januar 189510. november 1979) var ein norsk kunstmålar, son av lesebokredaktøren Nordahl Rolfsen. Alf Rolfsen vert i dag rekna som ein av de leiande målarane av fresker og monumentalmåleri i mellomkrigstida. Saman med Axel Revold og Per Krohg vert han rekna som ein av dei tre «freskobrørne».

Alf Rolfsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. januar 1895
Christiania
Død

10. november 1979 (84 år)
Oslo

Yrke kunstmålar
Far Nordahl Rolfsen
Alf Rolfsen på Commons

Alf Rolfsen vart fødd og voks opp i Oslo. Etter fullført examen artium i 1913 fòr han til København for å utdanna seg til arkitekt, men vart i staden innskriven på Kunstakademiet i København som målarstudent under Viggo Brandt og Peter Rostrup Bøyesen til 1916. Han debuterte på Efteraarsudstillingen i København i 1916, og studerte deretter i Paris i åra 1919–20. Her vart han influert av kubisme og den franske målaren André Derain, og heldt si fyrste separatutstilling i Kunstnerforbundet i 1920. Dette året gifte Rolfsen seg med Ingrid Platou, som vart kona hans resten av livet. Rolfsen føretok seg forøvrig mange studiereiser, særleg til Frankrike og Italia.

Freskoarbeida som Rolfsen stod for var svært detaljrike, fulle av litterære tema og symbolikk. Ved sida av dei mange freskene og måleria Rolfsen skapte i løpet av livet sitt, illustrerte han òg barnebøkene til far sin, Nordahl Rolfsen, samt eventyr av Asbjørnsen og Moe. Han forfatta òg nokre bøker som omhandla målarkunst sjølv, mellom dei ein biografi om Thorvald Erichsen, utgjeven i 1931.

Alf Rolfsen påtok seg òg fleire verv i kunstnarorganisasjoner, mellom anna som formann i Kunstnernes Hus i to økter. Han vart riddar av den svenske Nordstjerneordenen i 1937, fekk Kongens fortenestmedalje i gull tildelt i 1950, Prins Eugen-medaljen i 1951, vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1955 og fekk både Norsk kulturråds ærespris og St. Hallvardsmedaljen i 1971.

Verk endre

Fresker

Måleri (eit utval)

Kjelder endre


  • Bokmålswikipedia om Rolfsen.