Ulrich von Löwendahl
Ulrich Friedrich Woldemar Graf von Löwendal (1. april 1700–27. mai 1755) var ein feltherre og marskalk i Frankrike.
Ulrich von Löwendahl | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark, Kurfyrstedømet Sachsen, Det russiske imperiet, Kongedømet Frankrike |
Fødd | 6. april 1700 Hamburg |
Død | |
Yrke | politikar, militær, marskalk |
Språk | fransk, tysk |
Medlem av | Det franske vitskapsakademiet |
Far | Waldemar Løvendal |
Mor | Dorothea von Brockdorff |
Ektefelle | Barbara Szembeck |
Partnar | Marie-Jeanne Brillant |
Ulrich von Löwendahl på Commons |
Löwendal tenestegjorde i hæren i 1713 under keisar Karl VI av Det tysk-romerske riket og kjempa i Polen. Som frivillig slutta han seinare til danske teneste, men kom i 1716 tilbake til keisaren. I slaget ved Peterwardein og omleiringane av Timisoara og Beograd utmerkte seg.
Löwendal gjekk seinare inn i teneste for Kong August II av Polen, der han vart utnemnd som feltmarskalk og generalinspektør for det saksiske infanteriet. I 1733 vart han sett til å organisere forsvaret av Krakow mot det opprørske Polen. I 1734 og 1735 kommanderte han dei saksiske troppane ved Rhinen.
Löwendal gjekk så inn i teneste for den russiske hæren og slo tyrkarane ved Chotyn i 1739, og frå 1741 til 1743 kjempa han mot Sverige i Finland.
Heretter gjekk han inn i kong Ludvig XV av Frankrike si teneste under den austerrikske arvefølgjekrigen. Han vart generalløytnant i 1743 og utmerkte seg i omleiringa av Menen, Ypres og Freiburg i 1744. 1745 kommanderte han reserverkorpset i slaget ved Fontenoi, og erobra så Gent, Oudenaarde, Ostend og Nieuport. Den 6. september 1747 tok han Bergen op Zoom, før han deltog i omleiringa av Maastricht.
Ulrich von Löwendal døydde den 27. mai 1755 i Paris.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ulrich von Löwendahl» frå Wikipedia på tysk, den 27. desember 2008.