Ulstein kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1849 i Ulstein kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja ligg i sentrum av Ulsteinvik.

Ulstein kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Søre Sunnmøre
Sokn Ullstein
Fellesråd Ulstein
Stad Ulsteinvik
Type Åttekanta
Arkitekt Hans Nicolai Wraamann
Material Tre
Innvigd 1849
 - Endringar Flytt til Ulsteinvik i 1878
Takryttar Midt over skipet
Kyrkjegard Det er gravstad rundt kyrkja
Altartavle Frå 1912
Sitjeplassar 400
Kart
Ulstein kyrkje
62°20′40″N 5°50′47″E / 62.3445°N 5.8465°E / 62.3445; 5.8465
Wikimedia Commons: Ulstein kyrkje

Det eldre kyrkjebygget fekk i 1847 store skader og allereie året etter var opp mot 28 mann var i gang med tømring av ny kyrkje som stod ferdig seinhaustes 1848 og vigsla 13. mai 1849. Materialkjøp kom totalt på om lag 1000 spesidaler, arbeidslønnene utgjorde om lag like mykje. Pannestein til tak vart henta frå gamlekyrkja. Sommaren 1878 vart bygget demontert og flytta til ny tomt i Ulsteinvik. Ved flyttinga vart det og lagt til eit kor slik at bygget vart større.[1] Arkitekt for kyrkja var soknepresten i Ulstein, Hans Nicolai Wraamann (sokneprest 1844-1855). Kyrkja vart først sett opp ute på Ulstein, den gamle kyrkjestaden på garden Ulstein om lag 2 km frå den nye kyrkjestaden, og stod der i 29 år før ho vart teken ned og sett opp igjen i Ulsteinvik og vigsla på nytt 27. oktober 1878.[2]

Byggverket er i tømmer og har 400 sitjeplasser.

Ulstein kyrkje er soknekyrkje i Ulstein sokn, Ulstein prestegjeld, Søre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme. Det er den einaste kyrkja i Den norske kyrkja i Ulstein kommune.

Fram til 1906 var prestebustaden (prestegarden) i Dimnasundet.

Tidlegare kyrkje endre

 
Den tidlegare kyrkjestaden nord for Ulsteinvik

Det førre kyrkjebygget var frå mellomalderen, kanskje oppført så tidleg som på 1100-talet. Den var av stein og den var kvitkalka innvendig og utvendig. Veggane var holmur av vanleg gråstein, medan hjørne, dørkarmar og glasopningar var av marmor. Skipet var 21 alen langt og 16 alen bredt, koret var 11 x 11 alen. Opphavleg var inngangen frå vest, seinare vart denne flytta på nordsida og eit våpenhus i treverk vart sett opp. Lynet slo ned i kyrkja 30. oktober 1847 og bygget fekk store skadar. Wraaman, som var både sokneprest og ordførar, meinte at skadane var så store at full reparasjon var lite meining i. Dessutan var den gamle kyrkja for lita då folketalet auka og den var i generelt dårleg stand før lynnedslaget. Hans Strøm vitja kyrkja omkring 1755 og skildra den som «liden og ældgammel.» Den nye kyrkja vart ikkje sett opp på den gamle kyrkjetomta, men på ei ny tomt like ved. Den gamle kyrkja vart riven heilt ned til grunnen og steinen vart nytta til ny kyrkjegardsmur.[3]

Kjelder endre

  1. Waage, Peder Fritz (1978): Ulstein kyrkje gjennom tidene. Festskrift i høve 100-års jubileum for flytting av kyrkja.
  2. Om Ulstein kyrkje på nettstaden til Ulstein kommune[daud lenkje]
  3. Waage, Peder Fritz (1978): Ulstein kyrkje gjennom tidene. Festskrift i høve 100-års jubileum for flytting av kyrkja.

Bakgrunnsstoff endre