Ulsteindalen kraftverk
vannkraftverk i Ulstein kommune, Møre og Romsdal fylke, Noreg
Ulsteindalen Kraftverk er eit vasskraftverk i Ulsteindalen i Ulstein kommune i Møre og Romsdal.
Kraftverket utnyttar eit fall på 196 meter i Ulsteinelva. Reguleringsmagasin er Litlevatnet som vert regulert mellom 311 og 306 moh og Mosvatnet som vert regulert mellom 458 og 454 moh.og Tjeldstjenna.
Midlare årsproduksjon er på 5 GWh og installert effekt er på 1,3 MW. Kraftverket vart sett i drift i 1917, men ein ny kraftstasjon vart bygd ved sidan av den gamle i 2000
Eigar er Tussa Energi AS.
Kjelder
endre