Ultsjisk er eit tungusisk språk som blir snakka av ultsjar frå Khabarovsk aust i Sibir i Russland. Det høyrer til den nanaiiske språkgruppa, og er nært i slekt med nanaiisk og orokisk.

Ultsjisk
Klassifisering Altaisk
 Tungusisk
  Sørtungusisk
   Søraustlege
    Nanaiisk
     Ultsjisk
Bruk
Tala i  Russland
Ultsjisktalande i alt 154[1] (folketeljing i 2010)
Språkkodar
ISO 639-3 ulc

Ultsjisk ligg så nært nanaiisk at ein lenge rekna det som ein nanaiisk dialekt. Under sovjetisk språkpolitikk, då ein utvikla læreverk for mange minoritetsstpråk, fekk ultsjiske ungar undervising frå nanaiiske lærebøker fordi ein gjekk ut frå at språka var like nok, i tillegg til at folkegruppene var små. Seinare brukte ein i alle høve russisk i opplæringa. I dag er russisk utbreidd blant ultsjar, og ultsjisk er rekna som eit truga språk.[2]

Fonologi endre

Som andre tungusiske språk har ultsjisk vokalharmoni og tydingsskilje mellom lange og korte vokalar. Språket har 8 vokallydar (kvar av dei lang og kort) og 18 konsonantar. Ein har ikkje konsonantkluster i byrjinga eller slutten av ord.[3]

Skriftsystem endre

Ultsjisk bruker kyrilliske bokstavar. Tabellen under viser det ultsjiske alfabetet. Bokstavane i parentes er ikkje offisielt med i alfabetet, men blir brukte til å skriva språket.

А а (ā) Б б В в Г г Д д Д’ д’ Е е
(ē) Ё ё (ё̄) Ж ж З з И и (ӣ) Й й
К к Л л М м Н н Н’ н’ Ӈ ӈ О о (ō)
П п Р р С с Т т У у (ӯ) Ф ф Х х
Ц ц Ч ч Ш ш Щ щ ъ Ы ы ь Э э
(э̄) Ю ю (ю̄) Я я (я̄)

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
  2. Ulchis ved traveleastrussia.com
  3. The Ulchi language ved Endangered Languages of Indigenous Peoples of Siberia (lingsib.iea.ras.ru)
  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.