Opna hovudmenyen
Under Wraps
Studioalbum av Jethro Tull
Utgjeve 7. september 1984
Innspelt Våren 1984
Studio Heimestudioet til Ian Anderson
Sjanger Kunstrock, elektronisk rock, synthpop
Lengd 43:13
Selskap Chrysalis
Produsent Ian Anderson
Jethro Tull-kronologi
The Broadsword and the Beast
(1982)
Under Wraps A Classic Case
(1985)


Singlar frå Under Wraps
  1. «Lap of Luxury»
    Utgjeve: 1984
  2. «Under Wraps No. 1»
    Utgjeve: 1984

Under Wraps er det 15. studioalbumet til rockebandet Jethro Tull, utgjeve i 1984. Songane er kraftig påverka av frontmannen Ian Anderson sin forkjærleik for spionasjelitteratur.[3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Sputnik Music1.5/5 starsStar half.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Albumet var kontroversielt hos Tull-fans då det kom ut på grunn av den elektroniske synthpop-stilen som var typisk for 1980-åra. Dave Pegg har sagt at det hadde vorte eit betre album om dei hadde nytta songane som ikkje kom med på Broadsword and the Beast,[3] medan Martin Barre har kalla det eit av favoritt-Tull-albuma hans.[4] Albumet nådde 76. plassen på Billboard 200 og 18. plassen på den britiske albumlista. Singelen «Lap of Luxury» nådde 30. plassen.[5]

ProduksjonEndra

I motsetnad til tidlegare album, der Anderson skreiv alle songane sjølv, var Under Wraps det første Jethro Tull-album sidan This Was der dei fleste songane var skrivne i lag med andre i bandet, hovudsakleg Peter-John Vettese.

Det er òg det einaste Jethro Tull-albumet utan trommeslagar. Det vert berre nytta elektroniske trommemaskinar. Etter innspelinga vart Doane Perry med i bandet på turneen for albumet og vart så den permanente trommeslagaren deira.

Albumet vart spelt inn våren 1984 i heimestudioet til Anderson.

UtgjevingEndra

Den originale utgjevinga i 1984 hadde 11 spor og «Astronomy», «Tundra», «Automotive Engineering» og «General Crossing» fanst berre på kassettversjonen. Av desse ekstra songane vart «General Crossing» den første Jethro Tull-songen som aldri vart gjeven ut på vinyl, sidan dei andre vart gjevne ut på singlar. Nyare CD-utgåver inkluderer òg bonusspor og i alt 15 spor. 2005-utgåva av albumet har òg med musikkvideoen til «Lap Of Luxury».

KonsertutgåverEndra

For å marknadsføre Under Wraps la Jethro Tull ut på turné og tom som vanleg nokre kunstnariske steg i sceneutforminga. Som dei hadde gjort på liknande vis på Thick as a Brick-turneen, kom scenearbeidarar ut på scenen og kosta golvet, talde publikummet og studerte staden. Alle bandmedlemmane og instrumenta var pakka inn i gråpapir. Dei var altså pakka inn eller «under wraps» på engelsk. Desse vart kasta av då musikken starta.[6] Under turneen fekk Anderson problem med stemma si som førte til at han måtte opererast og ta ein lengre pause frå bandet.

InnhaldEndra

Original vinylEndra

Alle songar er skrivne av Ian Anderson og Peter-John Vettese, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Lap of Luxury»  Anderson 3:35
2. «Under Wraps #1»  Anderson 3:59
3. «European Legacy»  Anderson 3:23
4. «Later, That Same Evening»    3:51
5. «Saboteur»    3:31
6. «Radio Free Moscow»    3:40
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Nobody's Car»  Anderson, Martin Barre, Vettese 4:08
2. «Heat»    5:37
3. «Under Wraps #2»  Anderson 2:14
4. «Paparazzi»  Anderson, Barre, Vettese 3:47
5. «Apogee»    5:28

CDEndra

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Lap of Luxury»  Anderson 3:35
2. «Under Wraps #1»  Anderson 3:59
3. «European Legacy»  Anderson 3:23
4. «Later, That Same Evening»    3:51
5. «Saboteur»    3:31
6. «Radio Free Moscow»    3:40
7. «Astronomy»    3:38
8. «Tundra»    3:41
9. «Nobody's Car»  Anderson, Barre, Vettese 4:08
10. «Heat»    5:37
11. «Under Wraps #2»  Anderson 2:14
12. «Paparazzi»  Anderson, Barre, Vettese 3:47
13. «Apogee»    5:28
14. «Automotive Engineering»    4:05
15. «General Crossing»    4:02

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. Patrick Little. «Under Wraps - Jethro Tull | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 18. mai 2019. 
  2. «Jethro Tull Under Wraps Review». Sputnikmusic.com. Henta 18. mai 2019. 
  3. 3,0 3,1 Minstrels in the Gallery: History of Jethro Tull by David Rees ISBN 978-0-946719-22-8
  4. Rees, David (1998). Minstrels in the Gallery: A history of Jethro Tull. Firefly. ISBN 0-946719-22-5.
  5. «Under Wraps - Jethro Tull | Awards». AllMusic. Henta 18. mai 2019. 
  6. «Jethro Tull - Full Concert - 10/28/84 - Capitol Theatre (OFFICIAL)». YouTube.com. 6. januar 2015. Henta 18. mai 2019. 

BakgrunnsstoffEndra