Opna hovudmenyen
The Broadsword and the Beast
Studioalbum av Jethro Tull
Utgjeve 10. april 1982 (Storbritannia)
19. april 1982 (USA)
Innspelt Vinteren 1981
Studio Maison Rouge Studios i Fulham i London
Sjanger Progressiv rock, kunstrock, folkrock, elektronisk rock
Lengd 38:49
Selskap Chrysalis
Produsent Paul Samwell-Smith
Jethro Tull-kronologi
A
(1980)
The Broadsword and the Beast Under Wraps
(1984)


Singlar frå The Broadsword and the Beast
  1. «Broadsword»
    Utgjeve: 1982
  2. «Fallen on Hard Times»
    Utgjeve: 1982

The Broadsword and The Beast er det 14. studioalbumet til Jethro Tull, gjeve ut 10. april 1982. På albumet vert det blanda elektronisk musikk og akustiske instrument i ei blanding mellom ein 80-tals synthesizerstil og folkemusikken Tull hadde spelt tiåret før. Slik sett vert den karakteristiske akustiske instrumenteringa til bandet utfylt med elektroniske lydbilete skapt av den nye klaverspelaren Peter-John Vettese. Dei elektroniske aspekta på dette albumet vert vidare utforska av bandet på det neste albumet deira, Under Wraps.

I notata til omslaget av den ommastra utgåva av albumet meiner Ian Anderson at Broadsword inneheld noko av den beste musikken Jethro Tull laga.

AlbuminformasjonEndra

Plateomslaget er laga av kunstnaren Iain McCaig, som lenge hadde vore fan av Jethro Tull. Det kom til etter diskusjonar med Ian Anderson og vart illustrert for å fange konseptet i musikken. McCaig sa at han teikna inn «påskekegg» på omslaget.[1]

Runeteikna langs kanten av omslaget er frå det angelsaksiske runesystemet. Orda er på engelsk opningsteksten på «Broadsword».

Albumet skulle opphavleg berre heite Beastie, som er første song på side ein. Men under innspelinga klarte dei ikkje bestemme seg for om dei skulle bruke Beastie eller Broadsword, den første songen på side to. Dei enda då med å gje kvar side sin eigen tittel og kombinere dei to til heile tittelen på albumet.

UtgjevingEndra

I 1984 gav Mobile Fidelity Sound Lab ut ei utgåve av albumet med halv fart, men denne selde dårleg.

I 2005 vart albumet gjeve ut på ny med ommastra lyd og med åtte bonusspor som vart spelt inn under innspelinga av albumet, men som ikkje kom med på det endelege albumet i 1982.

KonsertturnéEndra

Turneen for Broadsword var den siste for Tull med teatralske effektar på scenen. Heile scenen vart dekorert for å likne eit vikingskip. Ian Anderson skreiv i omslaget til den ommastra CD-utgåva at han syns dette var «særs toskete».[2]

I ei konsertmelding frå 1982 skreiv Chris Welch: «Væpnaren Anderson veiva eit stort breisverd farleg nær dei nedre ekstremitetane til Martin under songane frå det siste albumet deira og sparka store, eksploderande ballongar ut i publikum. Men det var brølet frå bandet når dei gjekk inn i dei tyngste augneblinkane som til slutt fanga publikum, som verka å vere jamt blanda mellom 14 år gamle nye Tull-freakar til sølvfarga rockeveteranar. Tull har eit stort bibliotek av musikk å ta frå. Dei kunne ha spelt i to timar til og publikum hadde ville vore med heile vegen.»[3]

«Cheerio», den siste songen på albumet, vart i somme år spelt som den siste songen på konsertane til Jethro Tull.[4]

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [5]
Kerrang!middels[6]
Rolling Stone     [7]
Sputnik Music     [8]

Kerrang! si melding var tvetydig og kalla albumet «kjenslemessig avhengig av kor mykje merksemd du er villig til å gje», men sa òg at «Om du er fan, kjøp det, det kan ha nokre behagelege overraskingar. Om, du som meg, ikkje er fan, så lån det frå nokon som er. Du kan bli overraska òg».[6] Rolling Stone skreiv i ei melding til to stjerner: «Det er ikkje noko gale med å leve i fortida, kanskje. Og rett nok kan Ian Anderson få visdomen frå eldre tider til å verke og vere det ein vil føretrekkje føre rotlaus flørt med notida. Men på The Broadsword and the Beast kan det verkelege beistet verke å vere Anderson sin hang for tunge preiker.»[9] Bruce Eder frå AllMusic var ikkje imponert. Han sa om produksjonen og musikken at «denne gongen er det i hendene på tidlegare Yardbird-medlemmet Paul Samwell-Smith, og er glattare, mindre tungt og med tynnare tekstur enn dei tidlegare albuma deira, og stundom - særleg på «Flying Colours» — kan dei nesten høyrast ut som nyare Moody Blues, noko bandet aldri ville ha innrømt i tidlege dagar».[10]

Den tidlegare Genesis-gitaristen Steve Hackett har omtalt The Broadsword and the Beast som eit av favorittalbuma hans.[11]

Salstala for The Broadsword and the Beast var betre enn Stormwatch og A. Albumet nådde 14. plassen i Tyskland og Noreg, 19. plassen i USA og 27. plassen i Storbritannia,[12] medan singelen «Fallen On Hard Times» vart ein mindre hit, som nådde 20. plassen på den amerikanske singellista.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Ian Anderson med ekstra materiale av Peter-John Vettese

Side ein – Beastie
# Tittel Lengd
1. «Beastie»   3:58
2. «Clasp»   4:18
3. «Fallen On Hard Times»   3:13
4. «Flying Colours»   4:39
5. «Slow Marching Band»   3:40
Side to - Broadsword
# Tittel Lengd
1. «Broadsword»   5:03
2. «Pussy Willow»   3:55
3. «Watching Me, Watching You»   3:41
4. «Seal Driver»   5:10
5. «Cheerio»   1:09
Bonusspor på 2005-utgåva
# Tittel Lengd
11. «Jack Frost And The Hooded Crow»   3:22
12. «Jack-A-Lynn»   4:40
13. «Mayhem Maybe» (med vokal innspelt kring 1988) 3:06
14. «Too Many Too»   3:28
15. «Overhang»   4:29
16. «Rhythm In Gold»   3:08
17. «I Am Your Gun»   3:19
18. «Down At The End Of Your Road»   3:31
  • Den ommastra CD-utgåva hadde bonusspor som tidlegare var gjevne ut på 20 Years of Jethro Tull. Andre spor frå den same innspelinga (men ikkje med som bonusspor) er «Motoreyes» (frå 20 Years-boksen) og «Crew Nights», «The Curse», «Commons Brawl», «No Step», «Drive On The Young Side Of Life» og «Lights Out» frå samlealbumet Nightcap.

MedverkandeEndra

Jethro Tull
Teknisk
  • Robin Black - lydteknikar
  • Jim Gibson - kunstverk
  • Leigh Mantle - assisterande lydteknikar
  • Iain McCaig - kunstverk, illustrasjonar
  • Paul Samwell-Smith - produsent

KjelderEndra

  1. «Cover Story: Jethro Tull - Broadsword And The Beast - Prog». Prog.teamrock.com. Henta 18. mai 2019. 
  2. [1] Arkivert 21. april 2007 ved Wayback Machine.
  3. «Jethro Tull Press: Kerrang, 20. mai 1982». Tullpress.com. Henta 18. mai 2019. 
  4. «Jethro Tull live concert set lists and tour schedules at the Ministry Of Information». Ministry-of-information.co.uk. 2. juni 2001. Henta 18. mai 2019. 
  5. Eder, Bruce. The Broadsword and the BeastAllmusic
  6. 6,0 6,1 «Jethro Tull Press: Kerrang, 6. mai 1982». Tullpress.com. Henta 18. mai 2019. 
  7. Puterbaugh, Parke (10. juni 1982). The Broadsword and the Beast, Rolling Stone
  8. «Jethro Tull reviews, music, news». Sputnikmusic.com. Henta 18. mai 2019. 
  9. «Jethro Tull: Broadsword & The Beast : Music Reviews : Rolling Stone». Web.archive.org. 10. juni 1982. Arkivert frå originalen 23. april 2009. Henta 18. mai 2019. 
  10. Bruce Eder. «The Broadsword and the Beast - Jethro Tull | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 18. mai 2019. 
  11. Armstrong, Sam. «Steve Hackett's Top 11 Prog». Udiscovermusic.com. Henta 18. mai 2019. 
  12. «Album artist 51 - Jethro Tull». Tsort.info. Henta 18. mai 2019. 

BakgrunnsstoffEndra