Under the God
Singel av Tin Machine
frå albumet Tin Machine
B-side

Sacrifice Yourself

Utgjeve Juni 1989
Innspelt Montreux i Sveits; Nassau,
August 1988 til tidleg i 1989
Sjanger Rock
Lengd 4:06
Selskap EMI
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
Tin Machine-kronologi 
«Heaven's in Here»
(1989)
Under the God «Tin Machine»
(1989)


«Under the God» er den første offisielle singelen til det engelsk-amerikanske bandet Tin Machine, frå det sjølvoppkalla debutalbumet deira frå juni 1989.

Songinformasjon

endre

«Under the God», kom frå ein demo som opphavleg heitte «Night Train», og var ein song som kraftig kritiserte nynazisme.[1]

Sjølv om «Heaven's in Here» i røynda var den første singelen på albumet, vart denne berre gjeven ut som ein promosingel, slik at «Under the God» vart den første offisielle singelen for sal. Han kom ut etter at albumet var gjeven ut.[2]

Musikkvideo

endre

Bandet valde å ikkje lage musikkvideo for kvar enkelt singel på albumet, og skapte i staden 13 minuttar lang megamix-video av somme av songane. Videoen vart regissert av Julien Temple. «Under the God» vart filma som ei framsyning, der publikum stormar scenen.[3]

Konsertopptak

endre

«Under the God» vart framført på både Tin Machine-turneen i 1989 og It's My Life-turneen i 1991-192. Eit konsertopptak av songen, spelt inn i Sapporo i Japan i 1992, vart inkludert på konsertalbumet Tin Machine Live: Oy Vey, Baby (1992).

Innhald

endre
7"-versjonen
  1. «Under the God» (Bowie) – 4:06
  2. «Sacrifice Yourself» (Bowie, Sales, Sales) – 2:08
10"/12"/CD-versjonen
  1. «Under the God» (Bowie) – 4:06
  2. «Sacrifice Yourself» (Bowie, Sales, Sales) – 2:08
  3. «The Interview» (eit intervju med bandet) – 12:23

Medverkande

endre

Produsentar

Musikarar

Salslister

endre
Liste (1989) Plassering
Australsk singelliste[4] 97
UK Singles Chart[5] 51
US Billboard Alternative Songs[6] 4
US Mainstream Rock[7] 8

Kjelder

endre
  1. O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes The Songs of David Bowie 1976–2016. Repeater Books. ISBN 9781912248308. 
  2. Pegg, Nicholas (October 2016). «The Complete David Bowie New Edition: Expanded and Updated». Titan Books. 
  3. McLennan, Scott (3. juni 2019). «David Bowie & I: Socks, Sax & Sex Shops». Henta 11. september 2021. 
  4. Scott, Gavin. «This Week In 1989: 30. juli 1989». chartbeats.com.au. Arkivert frå originalen 24. mars 2019. Henta 11. september 2021. 
  5. «Official Charts > Tin Machine». Official Charts Company. Henta 11. september 2021. 
  6. https://www.billboard.com/music/tin-machine/chart-history/alternative-songs
  7. http://www.allmusic.com/album/tin-machine-mw0000200035/awards

Bakgrunnsstoff

endre