It's My Life-turneen
It's My Life-turneen Turné av Tin Machine | ||
Stad | Europa USA Japan | |
Tilknytt(e) album | Tin Machine II | |
Startdato | 5. oktober 1991 | |
Sluttdato | 17. februar 1992 | |
Talet på konsertar | 69 | |
Konsertkronologi | ||
---|---|---|
Tin Machine-turneen (1989) |
It's My Life-turneen | |
Konsertkronologi for David Bowie | ||
Sound+Vision-turneen (1990) |
It's My Life-turneen | Outside-turneen (1995–96) |
It's My Life-turneen var ein konsertturné av det engelsk-amerikanske hardrockbandet Tin Machine. Turneen starta 5. oktober 1991 etter to oppvarmingskonsertar, ein pressekonsert og tre konsertar for industrien. Turneen vitja tolv land og enda etter 69 konsertar. Dette var dermed ein langt meir omfattande turné enn den første turneen deira i 1989. Bandet spelte med vilje på intime spelelokale med eit par tusen seter eller mindre, slik at dei kunne fokusere på musikken utan alt det teatralske. Det var i sterk kontrast til dei førre soloturenane til Bowie, Glass Spider- og Sound+Vision-turneen.[1] Bowie ønskte òg å unngå og spele på større stader og arenaer fordi fansen kom til å møte opp «å håpe at eg kom til å gjere eldre songar eller noko slikt. Me ville ikkje ha den kjensla i det heile tatt.»[2]
Detaljar
endreBandet øvde og varma opp for turneen i Dublin i august 1991.[3] Dei hadde med seg gitaristen Eric Schermerhorn på scenen,[4] og spelte songar frå Tin Machine og Tin Machine II, i tillegg til coverversjonar av songar av Pixies, Neil Young og The Moody Blues.
Starten på somme av konsertane var ein gammal Tv som stod på scenen og spelte gamle situasjonskomediar medan Wagner sin Tristan und Isolde spelte over høgtalarane.[4]
Bowie hevda at setlista for turneen vart laga på sparken kvar kveld og sa «Me hadde overhovudet ikkje noko setliste. Me hadde ei komplett liste over alle songane på golvet på scenen og me ropte den neste songen me ville spele til kvarandre. Om du ser oss på ein dårleg kveld, kan det vere ein av dei dårlegaste konsertane du nokon gong har sett. Men på ein god kveld - og heldigvis med dette bandet er dei fleste det - skjer det verkeleg.[5]
Konerten deira 1. september 1991 på flyplassen i Los Angeles vart sendt på radio i Amerika som ein del av serien ABC In Concert, og gjekk på lufta 6. september 1991.[6] Tin Machine var musikalske gjester på Saturday Night Live den 23. november 1991.[6]
Konsertopptak
endreKonserten på Docks i Hamburg den 24. oktober 1991 vart filma og seinare gjeven ut på videoen Oy Vey, Baby: Tin Machine Live at the Docks, og songen «Baby Can Dance» frå den same konserten kom ut på samlealbumet Best of Grunge Rock. Songar frå konsertane i Boston, Chicago, New York City, Sapporo og Tokyo vart spelte inn og kom ut i juli 1992 på konsertalbumet Tin Machine Live: Oy Vey, Baby.
Mottaking
endreMeldinga av konserten på ein av oppvarmingskonsertane på Slim's i San Francisco var negativ: «Det er vanskeleg å førestille seg at folk går ut frå eit David Bowie-show på Slim's, men alt du måtte gjere var å sjå deg rundt i rommet torsdag på slutten av konserten til Tin Machine. Bowie og medarbeidarane hans gav ein meir enn ein time lang konsert av den siste inkarnasjonen hans, og musikken viste seg å vera nesten umogleg å lytta til.»[7]
Konserten i Seattle var meir positiv: «La det først bli sagt at på alle nivå er Tin Machine eit eineståande band. ... det kan godt vere dei representerer det neste evolusjonære trinnet i rock and roll - eller berre enno ei blindgate. Uansett er det kraftige saker.»[4] Under konserten spelte Bowie alt- og barytonsaksofon, og elektrisk, akustisk og 12-strengsgitar.[4]
Los Angeles Times skreiv ei positiv melding om den første konserten i New York, og roste bandet om ønskje om å pusle med arrangementa på songane, og sette pris på Bowie si «teatralske gåve» for å opptre.[8]
Turnéband
endre- David Bowie – vokal, gitar, alt- & tenorsaksofon
- Reeves Gabrels – sologitar, vokal
- Tony Sales – bassgitar, vokal
- Hunt Sales – trommer, vokal
- Eric Schermerhorn – rytmegitar, vokal
Konsertar
endreDato | By | Land | Spelestad |
---|---|---|---|
Øvingar | |||
10. august 1991 | Dublin | Irland | Factory Studios |
11. august 1991 | |||
12. august 1991 | |||
13. august 1991 | |||
14. august 1991 | |||
15. august 1991 | |||
Oppvarmingskonsertar | |||
16. august 1991 | Dublin | Irland | The Baggot Inn |
19. august 1991 | The Waterfront | ||
Presseshow | |||
1. september 1991 | Los Angeles | USA | Rockit Cargo @ LAX Airport |
Industrishow | |||
7. september 1991 | Minneapolis | USA | Marriott |
10. september 1991 | Los Angeles | ||
12. september 1991 | San Francisco | Slim's | |
Europa | |||
5. oktober 1991 | Milano | Italia | Teatro Smeraldo |
6. oktober 1991 | |||
8. oktober 1991 | Firenze | Palazzetto Dello Sport | |
9. oktober 1991 | Roma | Teatro Brancaccio | |
10. oktober 1991 | |||
12. oktober 1991 | München | Tyskland | Circus Krone |
14. oktober 1991 | Offenbach | Stadthalle | |
15. oktober 1991 | Ludwigsburg | Forum | |
17. oktober 1991 | Berlin | Neue Welt | |
19. oktober 1991 | København | Danmark | Falkoner Teatret |
21. oktober 1991 | Stockholm | Sverige | Circus |
22. oktober 1991 | Oslo | Noreg | Oslo konserthus |
24. oktober 1991 | Hamburg | Tyskland | Docks |
25. oktober 1991 | Hanover | Musikhalle | |
26. oktober 1991 | Cologne | E-Werk | |
28. oktober 1991 | Utrecht | Nederland | Muziekcentrum Vredenburg |
29. oktober 1991 | Paris | Frankrike | Olympia |
30. oktober 1991 | Le Zénith | ||
31. oktober 1991 | Brussel | Belgia | Ancienne Belgique |
2. november 1991 | Wolverhampton | England | Civic Hall |
3. november 1991 | Manchester | International 2 | |
5. november 1991 | Newcastle upon Tyne | Mayfair | |
6. november 1991 | Liverpool | Royal Court | |
7. november 1991 | Glasgow | Skottland | Barrowlands |
9. november 1991 | Cambridge | England | Corn Exchange |
10. november 1991 | Brixton | Brixton Academy | |
11. november 1991 | |||
Nord-Amerika | |||
15. november 1991 | Philadelphia | USA | Tower Theater |
16. november 1991 | Washington, D.C. | The Citadel | |
17. november 1991 | Philadelphia | Tower Theater | |
19. november 1991 | New Haven | Toad's Place | |
20. november 1991 | Boston | Orpheum Theater | |
24. november 1991 | Providence | New Campus Club | |
25. november 1991 | New Britain | The Sting | |
27. november 1991 | New York City | Academy of Music | |
29. november 1991 | |||
1. desember 1991 | Montreal | Canada | La Brique |
2. desember 1991 | |||
3. desember 1991 | Toronto | The Concert Hall | |
4. desember 1991 | Detroit | USA | Clubland |
6. desember 1991 | Cleveland | Agora Metropolitan | |
7. desember 1991 | Chicago | Riviera Theatre | |
9. desember 1991 | Dallas | Bronco Bowl | |
10. desember 1991 | Houston | Back Alley | |
12. desember 1991 | Los Angeles | Hollywood Palladium | |
14. desember 1991 | San Diego | Spreckels Theater | |
15. desember 1991 | |||
17. desember 1991 | San Francisco | The Warfield | |
18. desember 1991 | |||
20. desember 1991 | Seattle | Paramount Theatre | |
21. desember 1991 | Vancouver | Canada | Commodore Ballroom |
Asia | |||
29. januar 1992 | Kyoto | Japan | Kaikan Dai Ichi Hall |
30. januar 1992 | Osaka | Festival Hall | |
31. januar 1992 | |||
2. februar 1992 | Fukuoka | Kyusyu Kouseinenkin Kaikan | |
3. februar 1992 | Hiroshima | Kouseinenkin Kaikan | |
5. februar 1992 | Tokyo | NHK Hall | |
6. februar 1992 | |||
7. februar 1992 | Yokohama | Bunka Taiikukan | |
10. februar 1992 | Sapporo | Kouseinenkin Kaikan | |
11. februar 1992 | |||
13. februar 1992 | Sendai | Sunplaza Hall | |
14. februar 1992 | Omiya | Soniku City Hall | |
17. februar 1992 | Tokyo | Budokan Hall |
Songar
endreMerknad:
- CD Finst på konsertalbumet Oy Vey, Baby
- VHS/LD Finst på videoen Oy Vey, Baby
- CD/VHS/LD Finst på begge versjonar av Oy Vey, Baby
Frå Tin Machine
Frå Tin Machine II
|
Andre songar:
|
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «It's My Life Tour» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Nicholas Pegg, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2004, ISBN 1-903111-73-0
- David Buckley, Strange Fascination: The Definitive Biography of David Bowie, Virgin Books, 1999, ISBN 1-85227-784-X
- ↑ «David Bowie Music Interview» by George Varga for The Star Entertainment Weekly, 1–7. januar 1992, pp 2 & 10
- ↑ di Perna, Alan (1991), «Ballad of the Tin Men», Creem 2 (1): 50–59
- ↑ Murray, Charles Shaar (October 1991), «And the Singer's Called Dave...», Q magazine, no. 61, s. 56–64
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 «Bowie, Tin Machine offer what may be rock's new frontier» by Cary Smith, Journal-American, December 1991
- ↑ »Beaming Bowie excited about current direction of his life, music" by Patrick MacDonald, The Seattle Times, 20. desember 1991
- ↑ 6,0 6,1 Tin Machine Rockline Interview 1991. Henta 8. august 2021.
- ↑ «Bowie's Band Unimpressive at Slim's» by Joel Selvin, San Francisco Chronicle, 14. september 1991, C4
- ↑ Pareles, Jon (30. november 1991), «Review/Rock; For Bowie, One More Change of Pace», Los Angeles Times, henta 11. september 2021