Ungkar eller dreng er frå gammalt av nemninga på ein ugift mann. Nemninga kan brukast om mannen gjennom heile livet så lenge han aldri har vore gift (eller sambuar i moderne samanheng). Ein enkjemann er ikkje rekna som ungkar.

'Ungkarsheimen' av Hermann Kern.

Det blir ofte lagt noko positivt i omgrepet. Uttrykk som «ungkar og spelemann» og «innbitt ungkar» viser til ein viss fridom i det å ha unngått ekteskapet.[1] Ein «ettertrakta ungkar» går att som helt i mange romantiske forteljingar. For eldre ungkarar finst det derimot mindre positive uttrykk som «attergløyming» og «peparsvenn».[2]

Busetar viser til ein ungkar som bur hjå andre eller som driv gard.[2]

Ugifte kvinner er tradisjonelt blitt omtala som «frøken» eller dei meir nedsetjande «gammal jomfru» og «peparmøy». Desse er i nyare tid blitt avløyste av nylaginga «ungkarskvinne».

Kjelder endre

  1. Heidi Elisabeth Sandnes, «Verken ofre eller patetiske» ved forskning.no, 5. april 2009
  2. 2,0 2,1 Søk etter ungkar i Bokmåls- og Nynorskordboka
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.