Akon
Akon (fødd Aliaune Badara Akon Thiam, 16. april 1977)[1] er ein amerikansk R&B-songar som i sine sju første år voks opp i Senegal. I sjuårsalderen flytta han til New Jersey i USA. Han er muslim, og er son av jazztrommeslagaren Mor Thiam.
Akon | |||
Akon i 2015 | |||
Fødd | 16. april 1973 (51 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Saint Louis | ||
Fødenamn | Aliaune Badara Akon Thiam | ||
Alias | Akon belalia | ||
Opphav | Senegal, USA | ||
Aktiv | 1996– | ||
Sjanger | moderne R&B, Hiphop, pop, danse-pop, reggae, dancehall, pop rap, dansemusikk | ||
Instrument | vokal, tangentinstrument, synthesizer, trommesett | ||
Plateselskap | Konvict Muzik, Atlantic Records, KonLive Distribution, SRC Records, Republic Records, UpFront Records, Universal Motown Republic Group, BMG Rights Management | ||
Verka som | songar, rappar, låtskrivar, musikkprodusent, forretningsdrivande, velgjerar, gründer | ||
Far | Mor Thiam |
Akon gav ut debutalbumet Trouble i 2004, som vart ein stor slager med songen «Lonely». Songen stod på VG-lista i fleire veker i 2004. Nyleg hadde han lansert albumet, Konvicted. Dei nye singlane hans; «I Wanna Fuck You (også kjent som «I Wanna Love You», frå musikkvideoen; endra tittel på grunn av amerikansk lovgiving), «Smack That» og «Don't Matter» som gjorde det bra på fleire hitlister verda over.
Diskografi
endre- Trouble (2004)
- Konvicted (2006)
- Freedom (2008)
- El Negreeto (2019)
Referansar
endre- ↑ Yahoo Music: Akon claims he doesn't know his true age
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Akon
- Offisiell nettstad Arkivert 2011-02-23 ved Wayback Machine.
- Akon ved The Internet Movie Database (IMDb)