Hærfuglar
Familie og slekt med fuglar
(Omdirigert frå Upupa)
Hærfuglar, Upupa, er ei lita slekt av fuglar som høyrer til ordenen Bucerotiformes. Upupa er einaste slekta i den biologiske familien Upupidae.
Hærfuglfamilien | |
Hærfugl, Upupa epops Foto: Arturo Nikolai
| |
Utbreiing | |
Utbreiinga av hærfuglfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Horn- og hærfuglar Bucerotiformes |
Familie: | Hærfuglfamilien Upupidae Leach, 1820 |
Det er ulike synspunkt på inndeling av artar og underartar i denne slekta, det er rekna frå ein til fire artar avhengig av taksonomi. Ein art, U. Antaeus på øya St. Helena døyde ut på 1500-talet, truleg på grunn av oppdaginga av øya.
Hærfuglar finst i sørlege og sentrale delar av Europa og Asia og i dei fleste delar av Afrika. Føretrekte habitat er opne landskap, som savannar eller jordbruksland. Dei brukar mykje tid på bakken i jakta på insekt og mark.
Artar etter Clementslista: [1]
- Hærfugl, Upupa epops
- Madagaskarhærfugl, Upupa marginata
IOC-lista skildar dessutan Upupa africana som ein art, og ikkje som underart av hærfugl Upupa epops.[2]
Referansar
endre- ↑ Clementslista frå desember 2009. Nedlasting av lista, lese 4. juni 2010
- ↑ Gill, F. & D. Donsker (Eds). 2010. IOC World Bird Names (version 2.4). Available at http://www.worldbirdnames.org/ [Lese 20. juni 2010]