Ururalsk

(Omdirigert frå Ur-uralsk)

Ururalsk, òg stundom kalla protouralsk, er det urspråket som alle uralske språk stammar frå.

Ururalsk er rekonstruert frå dei ulike uralske språka ved hjelp av metodane i den historisk-samanliknande språkforskinga. For kvar uralske språkfamile er det mogleg å rekonstruere eit urspråk (ursamisk for samisk, urfinsk for dei austersjøfinske språka, urmordvinsk for dei mordvinske språka, urmari for dei mariske språka, urpermisk for dei permiske språka, og ursamojedisk for dei samojediske språka. I prinsippet er det også mogleg å tenkje seg urugrisk som eit urspråk for dei ugriske språka, eit slik urspråk har det likevel ikkje vore mogleg å rekonstruere, noko som opnar for ein modell der eitt eller samtlege av dei ugriske språka (hantisk, mansisk og ungarsk har utvikla seg direkte frå eit tidlegare, før-ugrisk urspråk. Rekonstruksjonen av ururalsk er basert på rekonstruksjonen av desse seks mellom-urspråka.

Lydsystem

endre

Det har vorte framsett mange rekonstruksjonar av det ururalske lydsystemet. Denne presentasjonen baserer seg på arbeidet til Erkki Itkonen, Juha Janhunen og Pekka Sammallahti, og det er det dominerande synet innanfor fennougristikken i dag.

Ururalsk hadde sannsynlegvis følgjande fonem:

a) vokalar

i u (ü) ï e o a ä

b) konsonantar

p t k s s' š č ć m n ń ŋ δ (δ') l r v j x

Statusen til ü og δ' er uklåre. Det er mogleg at desse ikkje var eigne fonem. Symbolet x står for ein velar halvvokal eller spirant, som har vorte vokalisert i dei fleste dotterspråka.

Uururalsk har hatt vokalharmoni. Andre staving har innehalde berre i, ï, ä, og a og dei har vore avhengig av kvaliteten til vokalen i første staving. Fremre vokalar i og ä har vore i ord med fremre rotvokal, og bakre ï og ä i ord med bakre rotvokal. Det ser ikkje ut til at det har vore lengdedistinksjon i vokalane, men konsonantane har vore lange eller korte.

Ordinitialt har det vore berre einskildkonsonantar og mellom vokalar berre ein eller to konsonantar. Dei fleste orda har vore tostava og vokalfinale. Det har også vore ein del trestava ord. Spørsmålet om ururalsk har hatt konsonantfinale ord er ope, men hovudmengda av ord har i alle fall vore vokalfinale.

Morfologi

endre

Ururalsk har vore eit agglutinerande språk, med seks kasus:

Statusen til lativ er uklår. Det er mogleg å rekonstruere også andre lativsuffiks, men det er uklårt om dei har hatt kasusfunksjon. I tillegg kjem karitiv ("utan at") *-ntA, jf. finsk -ttA, abessiv *-haga i visse samiske dialektar.

Ururalsk har hatt tre numerus: eintal, total og fleirtal. Deiie har også kome til uttrykk i possessivsuffiksa, som har kome til gjennom ein grammatikaliseringsprosess der personlege pronomen har vorte klitisert til stammen. Ururalsk har ikkje hatt grammatisk genus. I verbbøyinga har berre første og andre person vore personlege former, tredjepersonsformene går attende på partisippformer.


Syntaks

endre

Ururalsk var eit SOV-språk.


Litteratur

endre