Usha (hebraisk skrift אוּשָׁה) er ein kibbutz vest i Galilea i Israel. Han ligg nær byen Kiryat Atta og høyrer til Zevulun regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 455.[1]

Usha
kibbutz
Land  Israel
Region Zevulun
Distrikt Haifa distrikt
Kommune Zevulun regionale kommune
Koordinatar 32°47′45.24″N 35°6′50.04″E / 32.7959000°N 35.1139000°E / 32.7959000; 35.1139000
Folketal 455  (2012)[1]
Grunnlagd 9. november 1937
 •  Grunnlagd av polske emigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Usha i Israel
32°47′45″N 35°06′50″E / 32.7959°N 35.1139°E / 32.7959; 35.1139
Wikimedia Commons: Usha, Israel

Historie

endre

Kibbutzen vart grunnlagd den 9. november 1937 som ei tårn og palisade-busetjing av ein polsk gar'in danna i 1930. Før grunnlegginga av kibbutzen, hadde dei organisert seg i fleire moshavot i Sharon-området, inkludert Kfar Saba, Magdiel og Petah Tikva. Grunnleggjarane var medlemmar frå Hanoar Hatzioni ungdomsgruppe, og han var den første kibbutzen som vart grunnlagd av organisasjonen (seinare grunnla dei HaSolelim, Kfar Glikson, Tel Yitzhak, Nitzanim og Ein HaShlosha).[2] Namnet vart teken frå namnet på den antikke jødiske byen Usha, som vart til den arabiske landsbyen Hawsha som ligg i nærleiken.

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Usha og Ramat Yohanan angripne av drusar-bataljonar frå Den arabiske frigjeringshæren, men innbyggjarane i dei to busetnadane klarte å drive åtaket attende.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014. 
  2. [1] Arkivert 2012-03-09 ved Wayback Machine., Map of Hanoar Hatzioni Settlements.