Nitzanim (hebraisk skrift נִצָּנִים, tyder Knoppar) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg mellom Ashkelon og AshdodNitzanim-sanddynene og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 343 innbyggjarar.

Nitzanim
נִצָּנִים, ניצנים
landsby
Land  Israel
Region Den sørlege kystsletta
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Hof Ashkelon
Koordinatar 31°42′59.75″N 34°38′1.68″E / 31.7165972°N 34.6338000°E / 31.7165972; 34.6338000
Folketal 377 (2018)
Grunnlagd 1943
 - Grunnlagd av nye immigrantar
Tilhøyrsle HaOved HaTzioni
Kart
Nitzanim
31°43′00″N 34°38′02″E / 31.716597222222°N 34.6338°E / 31.716597222222; 34.6338
Wikimedia Commons: Nitzanim

Kibbutzen vart grunnlagd etter Jewish National Fund kjøpte eit landområde og eit stort hus kalla «herskapshuset» i 1942.[1] Dei første innbyggjarane var immigrantar, mellom andre Holocaust-overlevande. Han tok seinare i mot fleire immigrantar frå Polen og Romania.

Kibbutzen vart erobra av den egyptiske hæren under den arabisk-israelske krigen i 1948 i slaget ved Nitzanim, men vart teken attende av israelske styrkar mot slutten av krigen. Busetnaden vart så flytta kring fire kilometer sørover frå den opphavlege plasseringa. I 1949 vart Nitzanim ungdomslandsby grunnlagd på den opphavlege staden. Ungdomslandsbyen vart nedlagd i 1990 og i 1990-åra vart fellesbusetnaden Nitzan grunnlagd på staden.

Kjelder endre

  1. Women of Valor Sentral - Nitzanim Arkivert 2007-10-06 ved Wayback Machine. Society for the Preservation of Israel Heritage sites